Sogndal sine G19-gutar er norgesmeistrar

FOTBALL: Sogndal sitt G19-lag kunne juble som norgeismeistar, etter sin aller første NM-finale laurdag.

DEL

Storfavoritt Rosenborg vart slegne 3–1, etter tre scoringar av Akor Jerome Adams, då Sogndal sitt G19-lag vann NM-cupen laurdag.

Etter eit tidleg Rosenborg-mål i første omgang slo Sogndal raskt tilbake, etter ein fantastisk solo-prestasjon av Akor Jerome Adams.

Derifrå gjekk kampen til ekstraomgangar, der samme man verkeleg markerte seg. Først sette han straffesparket som gav 2–1-leiing, før han punkterte kampen tre minutt seinare.

Med det kunne han og Sogndal juble for cupsigeren, og det i Sogndal sin første G19-finale.

Sjå kampreferat øvst i saka.

Artikkeltags