Denne Sogndal-spelaren er ferdig i klubben

REISER: Akeem Latifu er ferdig i Sogndal.

REISER: Akeem Latifu er ferdig i Sogndal. Foto:

FOTBALL: Akeem Latifu og Sogndal er einige om å terminere kontrakten.

DEL

Sogn Avis skriv at forsvarsspelar Akeem Latifu (29) og Sogndal har avslutta kontrakten, eitt år før den eigentleg går ut.

– Akeem hadde eit ønske om å gå vidare, og har vore veldig tydeleg på dette. Det er den eine delen av det, den andre er at vi har eit behov for å slanke stallen vår. Nokon må ut viss vi skal rekruttere inn nytt, seier sportsleg leiar Håvard Flo til avisa.

Latifu, som er frå Nigeria, kom til Sogndal før årets sesong, og han har spelt fast på høgrebacken. Sogndal skriv på si heimeside at han kom til bygda for å spele eliteserien, og når dette ikkje gjekk skal han ha gitt signal om å reise vidare.

Sogndal tapte mot Aalesund i kvalifiseringa til eliteserien.

– Akeem er 29 år og har eit sterkt ønske om å komme seg vidare, og helst spele i utlandet, seier Flo, som legg til at dei har god dekning i posisjonen Latifu spelar.

– Tomas Totland er i veldig fin utvikling. Han er inne i landslagsvarmen og kjem til å ta nye steg også neste år. Vi er godt skodde på backplass, meiner den sportslege leiaren.

Ifølge Sogn Avis er Romania eit aktuelt land å fortsette karrieren i.

Heller ikkje Kjetil Wæhler eller Lars Christian Kjemhus vert med neste år. I likskap med Latifu har Kjemhus fått terminert kontrakten eitt år før den går ut. Wæhler og Kjemhus vart takka av mot Ull/Kisa 25. november.

Artikkeltags