Då arkeologane frå fylkeskommunen undersøkte Øvstedalen i Sogndal hausten 2016, før Fardalselvi kraftverk kjem, fann dei eit vikingsverd i Vatlestad dei trur er lokalprodusert. Det trur dei fordi dei frå før kjenner til to jernvinneanlegg frå sein vikingtid og tidleg mellomalder. Det syner at jernvinna har vore ei viktig tilleggsnæring i dalen i vikingtida.

Sverdet var knekt i tre delar, noko som i tillegg til å vere ein rituell del av gravskikken, er for å gjere plyndring av graver mindre interessant. Arkeologane trur det er frå ei mannsgrav i tidleg vikingtid, om lag 800-talet e.Kr. Sverdet er einegga og 90 centimeter langt.

Dei har òg funne omfattande førhistoriske dyrkingsspor, og lengre opp i dalen restar av ein bygning.

Bygningen ligg på Hagen og er tre gongar tre meter stor, og har seks rette stolpar kring ein sentral eldstad eller ei nedgraving. Han er datert til 785–520 f.Kr., som svarar til yngre bronsealder. Det er ein sjeldan type bygning, og arkeologane har fleire tolkingar av kva funksjon han kan ha hatt.

– Bygningen har truleg ikkje vore nytta som bustad, men kan ha vore ein mindre driftsbygning knytt til eit større tun. Alternativt kan stolpane ha inngått som del av ei gravmarkering, der nedgravinga i midten er sjølve grava, seier arkeolog Glenn Heine Orkelbog.

Arkeologane har datert jordbruksfasen i Fardal til 1410–1225 f.Kr. Det er blant dei eldste jordbruksfunna i Sogndal, og høyrer til i eldre bronsealder.

– Dyrkingsspora i Fardal syner at Øvstedalen har hatt gode føresetnader for tidleg førhistorisk jordbruk, fortel Orkelbog.