Sogndal vil fylle tribunane på søndag – utan å spele

StefanAntonijevic nr. 4, Kristoffer Hoven nr. 18 og Thomas Kristoffersen nr. 8.

StefanAntonijevic nr. 4, Kristoffer Hoven nr. 18 og Thomas Kristoffersen nr. 8. Foto:

Storebror i Bergen har gjort det. No vil også Sogndal prøve å fylle tribunane til ein fiktiv kamp.

DEL

– Vi håpar at alle med hjarte for klubben vår kan tenke seg å bli med, skriv klubben på heimesida si.

Etter planen skulle Sogndal sparke i gang årets sesong med heimekamp førstkommande søndag. Grunna koronaviruset er seriestarten utsett.

Klubben har difor permittert spelarar, trenarar og administrasjonen. Dette skjedde 18. mars.

– Vi må tenke på dei moglegheitene vi har for å spare, og treffe tiltak som gjer at vi ikkje må betale ut løn frå klubb, sa dagleg leiar Rasmus Mo då permitteringane vart kjent.

No håpar dei altså at supporterar og andre vil støtte dei med billettinntekter, slik at dei kanskje klarar å sette ny rekord på Fosshaugane og fylle på i pengekassa. Alt ved hjelp av Vipps.

Publikumsrekorden er frå kvartfinalen i NM i 1976, då det var 7025 tilskodarar.

– Det skal noko til å slå rekorden, men med eit lite bidrag klarar vi kanskje 4188?

Sportsklubben Brann i Bergen prøver på det same. Initiativet kom frå ein supporter og per 1. april hadde nesten 3500 kjøpt billett.

Kva som blir det endelege tilskodartalet på Fosshaugane blir opplyst søndag klokka 18.00, men kvar 50-lapp vil gjelde som billett, opplyser klubben.

Artikkeltags