Sogndal-spelar politimeld for valdtekt

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Søndag kveld melde den svenske avisa Aftonbladet at ein utanlandsk fotballspelar er politimeld for valdtekt i Stockholm.

Dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal, stadfestar måndag at det er ein av Sogndal sine spelarar som er politimeld.

– Dette er ei veldig trist sak. Det er no ei politisak og vi vil bistå politiet i dette arbeidet. Utover dette kan eg ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt, seier Mundal.

Vakna til valdtekt

Ifølgje Aftonbladet skal valdtekta ha funne stad på eit hotell i Stockholm fredag kveld. Nokre kvinner fekk kontakt med Sogndal sine spelarar via Tinder, og etter ein tur på byen vendte dei tilbake til hotellet der heile laget budde.

– Eg hadde frivillig samleie med ein spelar, og sovna deretter. Seinare vakna eg av at ein annan spelar hadde samleie med meg, fortel den 23 år gamle kvinna.

Ho kom seg unna og fortalde dei andre kva som hadde skjedd.

Ifølgje avisa skal spelaren ha forklart seg med at døra stod open og kvinna hadde ikkje sagt nei. Dessutan hevda han at «dei andre spelarane hadde sagt at ho var lett», skriv Aftonbladet.

Lauslaten etter avhøyr

Kvinna vart teken til sjukehus for undersøking og dokumentasjon av skader før ho melde valdtekta til politiet.

Kvinna peika ut mannen for politiet, som gjennomførte avhør med han før han vart sett fri frå varetekt.

– Det har blitt gjennomført nokre avhøyr og ei undersøking er innleia, seier Thomas Westin ved Normalmpolisen til TV2.

Ifølgje Expressen er heile laget no reist tilbake frå Stockholm, og ingen sit i varetekt.

Fotballaget var i Stockholm for å hygge seg og verte samansveisa som lag, er sportssjefen i Sogndal sitert på i Aftonbladet.