Det melder Sogn Avis måndag kveld.

Sogn Avis skriv vidare at både helse- og ambulansepersonell blei tilkalla og at det såg ut til å bli utført livreddande tiltak.

Publikum fekk beskjed om å forlate tribunen og gå inn medan ambulansepersonell jobbar med Emil Palsson som blir liggande på bakken.

Klokka 18.25 fekk Sogn Avis melding om at det er tilkalla luftambulanse.

Til VG seier kampdelegat Hans Lokøy at spelaren var medviten då han blei frakta inn i ambulansen.

Sogndal Fotball melder klokka 19.50 at Palsson fekk hjartestans, men vart vellykka gjenoppliva og deretter blei flogen til Haukeland sjukehus for vidare utredning og behandling.

Saka blir oppdatert.