Sogndal sine kampar blir flytta – uvisst når kvalifiseringa blir spelt

FLYTTA: Eirik Bakke og hans mannskap skulle ha spelt kamp komande laurdag, men den er no flytta.

FLYTTA: Eirik Bakke og hans mannskap skulle ha spelt kamp komande laurdag, men den er no flytta. Foto:

Av

Fleire kampar i OBOS-ligaen blir utsett på grunn av karantene.

DEL

SOGN AVIS: I samarbeid med Norsk Toppfotball (NTF), Fotball Media og Discovery Networks har Norges Fotballforbund (NFF) endra speleplanen fram mot serieavslutninga. Bakgrunnen er utsette kampar grunna koronakarantene på ulike lag, kjem det fram i ei pressemelding onsdag kveld.

I tillegg til å endra utsette kampar, er det også gjort enkelte justeringar i komande helgs kampar og i rekkefølgja, for å betrE heilskapen for klubbane. Oppsettet inneber at det berre blir ein kamp komande helg og at dei andre kampane blir spelt ut over i neste veke.

Sogndal sin kamp mot Ull/Kisa laurdag er flytta til 7. desember.

Nye føringar

– Vi ønskjer å takke klubbane for å vise fleksibilitet og vilje til å bidra at vi saman kjem i mål, seier leiar av konkurranseavdelinga i NFF, Nils Fisketjønn i pressemeldinga.

Etter samråd med klubbane er det blitt semje om å leggje følgjande føringar til grunn:

* Stor fleksibilitet når det gjeld bruk av reservearena og hallar.

* Noko strammare tidsplan med fleire midtveke-kampar.

* Tid til to dagar med trening etter karantene.

* Berre siste serierunde går samstundes mot normalt dei to siste.

* Tre netter mellom kvar kamp (tre netter på heimstad).

– Først av alt så håpar vi at det går bra med dei som er smitta og at dei kjem raskt til hektene. Utan mange fleire tilfelle av karantene, skal vi kome i mål før jul. Når det gjeld kvalifiseringa til Eliteserien, så må vi få kome tilbake til den, seier Fisketjønn.

Slik er det nye kampoppsettet:

Dato og tid

Heimelag


Bortelag

Laurdag 28. nov kl. 1500

Tromsø

Ranheim





Tysdag 1. dess kl. 1800

Lillestrøm

KFUM Oslo





Fredag 4. des kl. 1800

Jerv

Grorud





Laurdag 5. des kl. 1600

Ham Kam

Lillestrøm





Måndag 7. des kl. 1300

Ull Kisa

Sogndal





Måndag 7. des kl. 1300

KFUM Oslo

Øygarden





Måndag 7. des kl. 1300

Sandnes Ulf

Jerv





Måndag 7. des kl. 1300

Åsane

Strømmen





Måndag 7. des kl. 1300

Stjørdals Blink

Raufoss





Måndag 7. des kl. 1300

Grorud

Kongsvinger





Torsdag 10. des kl. 1300

Strømmen

Stjørdals Blink





Torsdag 10. des kl. 1300

Jerv

Åsane





Søndag 13. des kl. 1300

Jerv

Stjørdals Blink


Kongsvinger

Ull Kisa


Lillestrøm

Grorud


Ranheim

Sandnes Ulf


Raufoss

KFUM Oslo


Sogndal

Åsane


Strømmen

Tromsø


Øygarden

HamKam

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken