Sogndal sender Tobias (21) på utlån til Hødd

PÅ LÅN: Tobias Bjørnebye skreiv under for Sogndal i desember 2019. Bildet er frå den dagen. Til høgre: trenar Eirik Bakke.

PÅ LÅN: Tobias Bjørnebye skreiv under for Sogndal i desember 2019. Bildet er frå den dagen. Til høgre: trenar Eirik Bakke. Foto:

I første omgang gjeld avtalen til og med 8. september.

DEL

Det melder Sogndal Fotball på heimesida si.

Dei er samde med Hødd om ein utlånsavtale for Tobias Bjørnebye. Sunnmørsklubben spelar for tida i Post Nord-ligaen.

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, seier at dei gjer dette for å sikre at han får ei god utvikling.

21-åringen kan få sin debut allereie komande laurdag, då dei skal spele mot Tromsdalen på bortebane.

– Eg håpar å få spelt mange kampar medan eg er i Hødd, slik at eg kjem tilbake til Sogndal og forhåpentlegvis vere nærmare å få spele i kvitedrakta, seier Bjørnebye som har kontrakt med Sogndal ut 2021.

– Det er positivt at Tobias tek denne sjansen som vil gi han mykje og god speletid i ein tøff Post Nord-liga, seier Flo.

Artikkeltags