Sogndal ønskte han vidare, men no er han selt til Sarpsborg

FORLET SOGNDAL: Joachim Soltvedt er no klar for Sarpsborg 08. Her er han under kvalifiseringa til opprykk til eliteserien i 2018, mot Aalesund.

FORLET SOGNDAL: Joachim Soltvedt er no klar for Sarpsborg 08. Her er han under kvalifiseringa til opprykk til eliteserien i 2018, mot Aalesund. Foto:

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om eit sal av Joachim Soltvedt.

DEL

Joachim har slutta seg til sine nye lagkameratar allereie, i klubben med ei rekkje Sogndal-vener som Tom Freddy Aune, Ole Jørgen Halvorsen og Bjørn Inge Utvik. Han har skrive under på ein tre-årig avtale, melder Sogndal Fotball i ei pressemelding.

– Eg ser på Sarpsborg som ein veldig spennande klubb. Dei hadde rett nok ein tøff sesong i fjor, men har dei siste åra levert meget solide sesongar, både med Europacup-eventyr og i toppen av norsk fotball, seier Soltvedt.

Ønskt av Sogndal

Han var ønskt av Sogndal vidare, men klubben syner forståing for at Soltvedt ønskjer å ta sjansen han no får i Sarpsborg 08.

– Sarpsborg verkar som ein godt driven klubb med gode verdiar og moglegheiter for å utvikla seg som fotballspelar og menneske, seier Joachim, og legg til at det ikkje er berre-berre å reise frå Sogndal.

Soltvedt kom til Sogndal i sommaren 2017 og har spelt 63 kampar totalt. På desse har han skåra 13 mål.

I hans siste kamp var han kaptein. Det var i år i treningskampen mot Tromsø.

– Vemodig

– Det er sjølvsagt vemodig å forlate Saftbygda etter to og eit halvt år. På ein så liten plass blir ein glad i menneska ein treffer kvar einaste dag, seier Soltvedt, som vil takke klubben.

– Eg sit att med masse gode minner eg har hatt i lag med lagkameratar, trenarar, støtteapparat og andre i og rundt klubben. Til neste år møtast vi att i Eliteserien, avsluttar han.

Artikkeltags