Men det var heimelaget som opna målkontoen først.

I den 19. speleminutt plasserte Axel Kryger ballen i nota frå 13 meter.

Om lag 12 minutt etter small det frå bortelaget, då Ryan Doghman spelte keeper Fij ut, og plasserte ballen i nota bak han. Berre seks minutt seinare hadde Åsane snudd kampen.

Rett utanfor 16-meteren skaut Jonas Vågen ballen i krysset, og 1–2 var eit faktum.

Dette var også stillinga til pause.

Sogndal gjorde eitt bytte i pausen: Kristoffer Hoven gjekk ut, og Mansour Gueye kom inn. Roseth vart flytta opp frå forsvar til midtbana og Ingemundarsson og Ørjasæter vart spissar.

Det gjorde seg, for fire minutt etter utlikna Roseth for Sogndal: 2–2.

Men Åsane gav seg ikkje. I det 71. minutt bankar Senai Hagos ballen i mål, og Åsane var igjen i føringa.

Trass iherdig innsats frå Sogndal på slutten, enda kampen 3–2 i favør gjestane.

Sjå heile kampreferatet her: https://www.firda.no/fotball/live/