Sogn Avis er årets lokalavis

JUBLAR: Ansvarleg redaktør Jan Inge Fardal jublar over at avisa hans vart kåra til årets lokalavis. Foto: Ivar Longvastøl.

JUBLAR: Ansvarleg redaktør Jan Inge Fardal jublar over at avisa hans vart kåra til årets lokalavis. Foto: Ivar Longvastøl.

Artikkelen er over 2 år gammel

– Totalt uventa, men ein stor inspirasjon.

DEL

Det var Sogn Avis som stakk av med tittelen årets lokalavis på Landslaget for Lokalaviser (LLA) sitt årsmøte laurdag kveld.

Ansvarleg redaktør i Sogn Avis, fekk gleda av å ta imot prisen:

– Utruleg kjekt og totalt uventa. Det var kjekt at juryen framheva vårt nyheitstrykk og god dekning av alle desse kommunane. Dette er ein stor inspirasjon til vidare utvikling av Sogn Avis, seier Fardal til Sogn avis.

Rik og variert avis

I år var det Harald Stanghelle frå Aftenposten, frilansjournalist og språkarbeidar Tiril Rem og Klassekampen-redaktør Bjørulv Braanen som sat i juryen. I grunngjevinga på kvifor akkurat Sogn Avis fortener prisen, har der i lagt vekt på mellom anna at "Sogn Avis er ei særdeles rik og variert avis. Avisa har levande debattsider, gode spaltistar og kronikkar og ein fin helgeseksjon. Likevel er ho først og fremst ei mangfaldig og effektiv nyheitsavis med fint nyheitstrykk og god seksjonsinndeling.”

Sogn Avis kjem ut fem dagar i veka og dekkjer alle dei åtte kommunane i Indre Sogn.

Desse fekk også prisar

 Juryen delte vidare ut heiderleg omtale til Lokalavisa OPP og Hallingdølen, og Ingolv Vevatne fekk LLA sin heiderspris. Avisa Kvinnheringen fekk prisen for Årets lokalavisside. Tidlegare under landsmøtet vart følgande prisar delte ut:

LLA sin journalistpris til Torunn Akersveen Lid i Hallingdølen, Årets lokalavisfoto til Anne Jo Lexander i Askøyværingen, marknadsprisen til Kvinnheringen og digitalprisen, som vart delt mellom Hallingdølen og Askøyværingen.

Artikkeltags