Både han og Marte Gundersen (15) har søkt om å få gå på ToppVolley Norge i Sauda i Rogaland. Det er ein vidaregåande skule som samlar ungdommar frå heile landet som vil satse volleyball jamsides med vanleg skulegang. Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet som ikkje gir gjesteelevsgaranti for å gå der, altså garanti om at dei vil betale for skuleplass.

Begge er godt meritterte. Marte har gull i NM og har rundt ni landskampar i sin klasse, medan Elias blei seinast i januar i år kåra til den beste 16-åringen i landet då han vant NM-gull i u16-klassen. Begge to ser på ToppVolley som det steget vidare dei treng.

Men det ser mørkt ut for dei to unge og lovande.

– Dumt at dei er så firkanta

Sjølv om dei har gode sjansar for å komme inn på skulen, nektar fylkeskommunen, som den einaste i Norge, å gi gjesteelevsgaranti. Det er på grunn av fylket si satsing på ordninga med spissa idrettstilbod i volleyball ved Hafstad VGS i Førde, at dei ikkje ønsker å støtte elevar som vil reise til ToppVolley.

– Det er et veldig tynt grunnlag. Skal eg gå på Hafstad får eg rundt 6 timar balltrening i veka, mot rundt 20 på ToppVolley. Dessutan er TVN ein internatskule, så eg får ein betre tryggleik enn på ein eventuell hybel i Førde, samt alle måltid og alt skulearbeid tilrettelagd som ein 24-timarsutøvar, seier Elias, som til vanleg spelar både for Volda og Hornindal sine volleyball-lag.

Marte, som allereie spelar i Førde, ser lettare på skulegang der.

– Det er sjølvsagt dumt at dei er så firkanta på det, og det kan øydelegge mykje for Elias, som ikkje har på langt nær eit så bra tilbod. For min eigen del har eg eit godt tilbod ved elitelaget til Førde VBK i tillegg satsinga til Hafstad, seier ho og legg til at ho meiner alt arbeidet med søknadar og klager ikkje er verdt det for hennar del, og har derfor bestemt seg for å ikkje klage på vedtaket.

– Om eg så må flytte til Møre og Romsdal

Den siste eleven frå Sogn og Fjordane som fullførte tre år ved ToppVolley var Bjarne Nikolai Huus frå Førde. Han spelar for tida for universitetet California State University i USA, og meiner at dei tre åra han gjekk på TVN har betydd mykje for karrieren hans.

– Gode trenarar, både norske og frå andre kulturar, treningsreiser og full tilrettelegging er noko ein ikkje får andre stader enn på TVN. Det har hjelpt meg mykje på vegen hit til USA.

Då han begynte der i 2011 var det slik at Rogaland og Sogn og Fjordane samarbeida, så Rogaland betalte for elevar herifrå. Dette blei det slutt på for tre år sidan, til Elias sin fortviling.

– Når ein har jobba såpass hardt for å bli god nok både sportsleg og karaktermessig, og i tillegg er villig til å flytte 8 timar vekk for å satse, så skulle ein jo tru at ein blei applaudert og støtta vidare, i staden for å få døra slengt i ansiktet av fylkeskommunen og firkanta reglar.

Han meiner at det er absurd at dei sju kilometerane frå huset hans i Hornindalen til grensa til Møre og Romsdal kan gjere ein så stor forskjell, men han har ingen planar om å gi opp endå.

– Dette har vore ein draum i fleire år no, så eg skal få det til på ein eller anna måte, om eg så må melde flytting til Møre og Romsdal.

Har fått inn klage

Karianne Torvanger (Ap), leiar for hovudutval for opplæring, seier at det er vanskeleg å lage eit regelverk som tar alle tenkelege omsyn.

– Vi har oppretta spissa idrettstilbod i eige fylke, i skiskyting, fotball og volleyball. Dette er for å imøtekomme etterspurnaden etter slike tilbod, seier ho.

Men Elias fortel at han vil få langt fleire timar med balltrening på TVN enn på Hafstad?

– Vi er opne for at særlege talent skal få utvikle seg i andre fylke, seier Torvanger.

Torvanger seier at det er vanskeleg for ho å kommentere enkeltsaker, men ho fortel at alle har klagerett.

– Vi ser også at dei har klaga. Det har komme tre klager som fylkesutvalet no skal handtere.

Ho seier at fylkesrådmannen har tilråda å avslå klagesakene, men at fylkesutvalet kan oppheve denne tilrådinga. Det blir difor opp til desse politikarane å avgjere om Elias og Marte kan få skuleplass på TVN betalt av heimfylket.