Jenny Følling har fått nytt leiarverv

SMILAR BREITT: Desse tre har 36,8 millionar å dele ut i år. Frå venstre: Fylkesordførarar Jenny Følling (Sogn og Fjordane), Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Solveig Ege Tengesdal (Rogaland).

SMILAR BREITT: Desse tre har 36,8 millionar å dele ut i år. Frå venstre: Fylkesordførarar Jenny Følling (Sogn og Fjordane), Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Solveig Ege Tengesdal (Rogaland). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VESTLANDET: Jenny Følling er ny styreleiar i Regionalt forskingsfond Vestlandet.

DEL

Regionalt forskingsfond Vestlandet er eit av fleire regionale forskingsfond rundt om i landet. Fonda har som hovudoppgåve å støtte opp under viktige forskingstema i dei ulike regionane.

Følling leia den 6. februar sitt første møte som styreleiar for Regionalt Forskingsfond Vestlandet.

– Ordninga med regionale forskingsfond er ei satsing som skal styrke utvikling og nyskaping på Vestlandet ved å støtte regionalt prioriterte forskingstema. Vi vil bidra til å utvikle forskingskvaliteten og til å skape nye, konkurransedyktige FoU-miljø, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Følling overtar for fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, som har hatt vervet sidan 2015. Tengesdal held fram som styremedlem.

Med seg i styret har ho også Anne Gine Hestetun, som er fylkesordføraren i Hordaland.

På møtet 6. februar låg det føre ei tildeling på 36,8 millionar frå Kunnskapsdepartementet til nye forskingsprosjekt på Vestlandet i 2018. Medan bedrifter kan søke støtte fortløpande gjennom året, er fristen for å søke støtte til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt sett til 14. februar.

Artikkeltags