Havilafjord vil ta Fjord1 på børs

VIL PÅ BØRS: Per Sævik og Havilafjord har opsjon på kjøp av resten av aksjane i Fjord1. T.h. fylkesordførar Jenny Følling.

VIL PÅ BØRS: Per Sævik og Havilafjord har opsjon på kjøp av resten av aksjane i Fjord1. T.h. fylkesordførar Jenny Følling. Foto:

SAMFERDSLE: Majoritetseigar Havilafjord treng nær to milliardar kroner for å kjøpe resten av Fjord1-aksjane. Det vil dei skaffe ved å ta selskapet til børsen.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Ifølge nettstaden Nett.no vurderer Per Sævik og Havilafjord å legge 49 prosent av Fjord1-aksjane på børs.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, stadfester overfor Firda at Sævik sjekkar marknaden og at dette er ein del av vurderingane om han vil ta Fjord1 til børsen.

Har gått føre seg ein liten periode

– Havila er største eigar i Fjord1, og Sævik opplyste også då han kjøpte 26 prosent av fylkeskommunen sin aksjepost, at dette er vurderingar han kom til å gjere. No er han der, og eg veit at han har jobba med dette nokre veker. Men det som er heilt klart, er at dette er ei avgjerd som skal takast av styret, og dit er saka ikkje kommen enno, seier Neteland.

– Kva tidsbilde ser du føre deg?

Det tør eg ikkje seie fordi det er svært usikkert, men det vil nok ta nokre månader.

– Kva blir konsekvensane viss selskapet går til børs?

– Eg ser ingen dramatikk i det, og har personleg erfaring med børsnoterte selskap. Og både administrativt og dei tilsette ser det som positivt, seier Neteland.

Han vil ikkje spekulere i opplysningar om at Fjord1 kan bli lagt på børs for å skaffe kapital til oppkjøp av dei resterande aksjane i Fjord1.

Opsjon gyldig i to år

I fjor fekk Havilafjord kjøpe 26 prosent av aksjane Sogn og Fjordane eigde i Fjord1. Etter aksjekjøpet eig selskapet 67 prosent av aksjane i Fjord1. Samstundes sikra Per Sævig og Havila opsjon på oppkjøp av resten av aksjane innan to år.

Neteland vil ikkje spekulere i om opplysningar om at det dette er vurderingar som blir gjort for å skaffe kapital til å kjøpe dei resterande Fjord1-aksjane.

– Det er mange måtar å skaffe den kapitalen på, og eg vil ikkje spekulere i det. Spørsmålet no er om vi skal gå for børsnotering eller ikkje, og det er dette Havilafjord vurderer i desse dagar. Viss svaret blir ja, er det ei sak som blir lagt fram for styret i selskapet, og det er der avgjerda blir teken, seier Dagfinn Neteland.

Rekordresultat i 2016

Ifølge NRK Sogn og Fjordane er det ein investorpresentasjon frå Fearnley Securities som gjer at Havilafjord no gjer alvor av planane om å ta selskapet til børs. Der er prisen på kvar aksje sett til mellom 32 og 35 kroner. Det prisar heile Fjord1 til mellom 3,2 og 3,5 milliardar kroner.

Fylkeskommunen sit i dag på 33 prosent av aksjane.

Fjord1 står framfor store investeringar for å rigge seg for framtida. I det bildet var det, ifølge Neteland, svært viktig at selskapet leverte rekordresultat på 504 millionar kroner i 2016.

Artikkeltags