Fjord1 tente ein halv milliard kroner

GOD BUTIKK: Fjord1 leverer kjemperesultat for 2016.

GOD BUTIKK: Fjord1 leverer kjemperesultat for 2016. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FYLKET: 2016 var det mest stormfulle året i Fjord1 si historie. Men også det desiderte beste.

DEL

Rekneskapen for 2016 viser eit resultat på 504 millionar kroner før skatt. Det er nær ei dobling sidan 2015 då resultatet var på 212 millionar kroner.

– Dette er svært gledeleg og fortel at dei tilsette har gjort ein strålande jobb. Og det er svært viktig at selskapet styrker resultatet når vi no står framfor store investeringar, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord.

NØGD: Aministrerande direktør,Dagfinn Neteland, er nøgd.

NØGD: Aministrerande direktør,Dagfinn Neteland, er nøgd. Foto:

Organisasjon upåverka av støyen

– 2016 var ei stormfullt år for selskapet. Likevel leverer de dette resultatet. Kva er forklaringa?

– Det viser at vi har ein organisasjon som er upåverka av den støyen som var rundt selskapet. Butikken skjer på kvart fartøy 365 dagar i året, og dei tilsette gjer jobben sin upåverka av det andre som skjedde i fjor, seier Neteland.

Fjord1

Eigd av Havilafjord (67 prosent) og Sogn og Fjordane Fylkeskommune (33).

Frakta 21 millionar passasjerar per 2016.

Har 1132 tilsette.

Eitt år utan skade

I tillegg til det økonomiske resultatet er han spesielt glad for det gode resultatet knytt til helse, miljø og sikkerheit:

– Kvar einaste dag, året rundt, har ferjene våre om lag 1800 kaianløp, men no i februar er det gått eitt år utan at dei har vore involvert i kontaktskadar. Det er vi svært nøgd med, seier Netland.

I 2016 hadde Fjord1 ei omsetning på 2,3 milliardar kroner, ein auke frå 2,2 i 2015. Driftsresultatet er på totalt 525 millionar kroner, og resultat før skatt solide 504.

Investerer mellom to og tre milliardar

Dette er solide tal, men avgjerande for den periode både selskapet og ferjenæringa går i møte no der anbod for ferjedrift i åra som kjem stiller krav om bruk av ny teknologi, nye ferjer og dermed store investeringar:

– Det blir ei spennande, men krevjande tid for ferjenæringa. Vi skal leie an i utvikling av og ta i bruk den nye teknologien som krevst for framtida. Og Fjord1 har lagt ein investeringsplan på mellom to og tre milliardar kroner dei kommande åra.

Satsar på ny teknologi

På anbodssida skal det skje svært mykje, og selskapet skal levere tilbod på fleire anbodskonkurransar. I tillegg skal Fjord1 sette i gagn drift av kontraktar dei alt har fått tildelt.

I 2018 skal to nullutsleppsferjer settast i drift på strekninga Anda-Lote. Frå 2016 set selskapet i drift to av dei sju ferjesambanda dei skal overta i Hordaland. Også her med klare krav til ny teknologi. og i 2019 skal Fjord1 overta sambandet Brekstad-Valset i Sør-Trøndelag, også der med ferjer med miljøvennleg teknologi.

I 2019 skal landets nest største ferjesamband, Mortavika-Arsvågen i Rogaland settast i gang, denne med kraftig auke i avgangsfrekvensen.

– 2017 svært spennande

– Vi har allereie vunne fleire nye anbod, men har ambisjonar om å finne fram i dei mange viktige anbodsprosessane som blir avgjort i tida framover 2017 blir eit spennande og utfordrande år, fastslår Dagfinn Neteland.

Artikkeltags