Ei av ti kvinner i fjordfylket røyker dagleg

Artikkelen er over 3 år gammel

Kvar 10. kvinne i Sogn og Fjordane røyker, og tal røykande kvinner auka i fjordfylket i fjor.

DEL

Dette kjem fram i fersk statistikk frå Statisk sentralbyrå (SSB). Den viser at 11 prosent av kvinnene i vårt fylke røyker, ein vekst på ein prosent samanlikna med året før. Statistikken viser også at Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet, som er på 13 prosent.

Fleire menn stumpa røyken for godt

Sjølv om tal kvinneleg røykarar veks, er det flest røykarar blant mennene i Sogn og Fjordane. I fjor var 15 prosent av alle menn i fjordfylket røykarar. Men mange menn har også stumpa røyken for godt i året som gjekk, nedgangen er på to prosent samanlikna med 2015. Landsgjennomsnittet er på 14 prosent, går det fram av statistikken.

På landsgjennomsnittet

Den same statistikken viser at totalt 13 prosent av innbyggarane i Sogn og Fjordane røyker, dette er ein nedgang på ni prosentpoeng frå 2006, og likt med landsgjennomsnittet.

Statistikken frå SSB viser også at det på landsplan, både blant kvinner og menn, er blitt færre daglege røykarar og færre som røyker av og til. På landsbasis har kvinner og menn følgt kvarandre både i nedgang og nivå sidan overgangen til 2000-talet, skriv NTB.

Fleire snusar

Det er også eit faktum at forbruket av snus har auka dei siste åra, særleg blant unge kvinner. Ei av seks kvinner i alderen 16–35 år snusar dagleg. Snusbruken aukar mest både blant menn og kvinner i denne aldersgruppa. Likevel er det framleis meir vanleg å røyke dagleg enn å bruke snus dagleg, går det fram av statistikken.

Artikkeltags