Dette har ikkje skjedd på 63 år – Stavenes for eigen damp

HISTORISK: Stavenes gjekk for eigen damp for første gong sidan 1953. På fjorden møtte den snøggbåten MS Njord.

HISTORISK: Stavenes gjekk for eigen damp for første gong sidan 1953. På fjorden møtte den snøggbåten MS Njord. Foto:

BERGEN: Fredag skjedde det veteranbåtentusiaster har venta på svært lenge. 112 år gamle Stavenes gjekk for eiga dampmaskin.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det har ikkje skjedd på 63 år, og er eit resultat av 25 års jobbing for å realisert draumen, seier leiar i veteranskipslaget Stavens, Øyvin Konglevoll.

Det har nemleg gått 63 år sidan ombygginga frå damp til motor vinteren 1953–54. Samstundes er det 25 år sidan den ærverdige båten vart henta heim frå England, og sidan har det vore jobba for å få den tilbake på fjorden for eigen damp.

Historisk møte

Og fredag skjedde det i Bergen. Klokka 1100 starta turen frå Skjøndal Slipp med kurs mot Helleneset. Og det smakte unekteleg god for entusiastane då dambåten, som har frakta turistar og andre reisande på Sognefjorden, møtte ekspressbåtane frå Sogn.

– Dette var ei storhending, og ein av dei største merkedagane i Stavenes si 112 år lange historie. Og det herskar ingen tvil om at dette var den største dagen til no i veteranskipslaget si historie, seier Konglevoll.

VELLUKKA. Den tekniske prøveturen var velluka. Her passar Ingvald Ådland dampmaskina.

VELLUKKA. Den tekniske prøveturen var velluka. Her passar Ingvald Ådland dampmaskina. Foto:

I gang for fullt i 2008

Etter at Stavenes vart henta heim for 25 år sidan vart det jobba intenst for å restaurere båten, men pengane uteblei, og det heile stoppa opp.

– Men arbeidet kom i gang igjen i 2008, og sidan har det blitt jobba meir intensivt med restaureringa av båten, seier Konglevoll.

Klar på at prøveturen gjekk som den skulle. Motoren sparka godt frå, og med berre tre propellar gjorde den ni knop i motvind på veg inn Vågen. Når også det 4. propellbladet er på plass kan farten komme over ti knop, ifølge veteranskipslaget.

Prislapp: 20 millionar kroner

– Det er brukt 20 millionar kroner på restaureringa sidan 2008, men enno er det ein god del arbeid som står att. Viss vi får vi midlane vi treng kan båten få passasjerbåttsertifikat i 2019, seier Konglevoll.

Turistfart i Sogn

Og den dagen det er på plass, står oppdragsgivarane i kø.

– Vi har fleire førespurnader, spesielt frå reiselivsnæringa i Sogn. Og båten har ei rik historie etter mange år i turistfart i Balestrand, Fjærland, Flåm og Gudvangen. Og Riksantikvaren har signalisert at den vil gje ei heilt spesiell oppleving i UNESCO-område som Nærøyfjorden, seier Konglevoll.

Artikkeltags