26 slike skal opp på eitt år

TEK FORM: Dagsturhyttene blir bygde i Masfjorden, og i løpet av desember og 2018 skal 26 slike settast opp i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

TEK FORM: Dagsturhyttene blir bygde i Masfjorden, og i løpet av desember og 2018 skal 26 slike settast opp i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FYLKET: Dei er heilt like, det blir bygt 26 av dei, og 8. desember opnar den første dagsturhytta i Sogn og Fjordane.

DEL

Det skjer i Trivselsskogen på Sandane, og seinare kjem dei i tur og orden – i Jølster, Luster, Leikanger, Flora og Eid, men desse fem blir opna for publikum først til våren, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen. Og i løpet av 2018 skal dei resterande hyttene på plass, ei i kvar kommune i Sogn og Fjordane.

Skal motivere til tur

No er hyttene i ferd og ta form, hytter som skal motivere fleire til å komme seg ut på tur. Samstundes skal alle hyttene ha eit nynorsk turbibliotek som skal stimulere til leselyst og syne fram nynorske bøker.

Prosjektet såg dagens lys i 2016 då Sparebankstiftinga og fylkeskommunen lanserte ideen for kommunane i fylket. Og responsen var overveldande positiv, ifølge pressemeldinga.

– Det har gått kort tid frå idé til realisering i dette prosjektet. Både kommunane og andre har jobba raskt og godt med finansiering, avtalar med grunneigarar, formelle søknader og alt anna. No blir det spennande å sjå hyttene ute i terrenget og ikkje minst kva mottaking dei får, seier koordinator og idémakar Atle Skrede i fylkeskommunen.

– Bra for trivsel og folkehelse

Dagsturhyttene blir i hovudsak finansierte med spelemidlar, med pengar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og ved momsrefusjon. Dei skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar, ein stad for å ete nista si, byte kle og få litt varme i seg. Fleire av kommunane vil i tillegg bygge ein utedo i tilknyting til hytta. Nasjonalbiblioteket bidreg med 400.000 kroner til etablering av bibliotekdelen.

– Vi vil gjere det enklare for folk å komme seg ut på tur, noko som er bra for både trivsel og folkehelse. Det er også ei flott merkevarebygging for Sogn og Fjordane, som blir det første fylket med godt merkte hytter på sentrumsnære, etablerte turmål i kvar kommune. No er det viktig å få ut informasjon om hyttene og prøve å få opp turaktiviteten blant folk i fylket, seier Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga i pressemeldinga frå fylkeskommunen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken