Lægste arbeidsløyse på ni år

Tore Thorsnes er direktør i NAV Sogn og Fjordane

Tore Thorsnes er direktør i NAV Sogn og Fjordane Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NAV-direktør Tore Thorsnes må heilt tilbake til 2008 for å finne færre arbeidsledige i enn i utgangen av mai.

DEL

– Arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane utviklar seg svært positivt, seier NAV sin fylkesdirektøren i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Ved utgangen av mai var det 855 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 127 færre enn for eitt år sidan, og svarar til ein reduksjon på 13 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,4 prosent har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet, går det fram av pressemeldinga.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 12 prosent frå same månad i fjor. Det er no 70 927 heilt ledige, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken.

Flora med størst reduksjon

14 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i mai. Reduksjonen er størst i Flora og Selje, med høvesvis 39 og 24 færre ledige enn på same tid i fjor. Lærdal har lågast arbeidsløyse med 0,4 prosent. Deretter kjem Solund med 0,5 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i Hyllestad og Flora, med høvesvis 3,1 og 2,8 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid.

– Det er verd å merke seg at mange av dei større kommunane i fylket har svært låg arbeidsløyse. Sogndal, Førde, Eid, Gloppen og Stryn har alle ei arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lægre, seier Thorsnes.

Størst nedgang i industri

Og nedgangen i arbeidsøya ser han i dei fleste næringar, men nedgangen er størst i industrien, der 43 færre er ledige i utgangen av mai i år, samanlikna med same tidspunkt i fjor.

Statistikken for mai viser også ei positiv utvikling for innvandrarar. Tal ledige innvandrarar frå vestlege land er redusert med 35 personar frå mai i fjor, ein nedgang på 20 prosent. Innvandrarar frå ikkje vestlege land har ein reduksjon på 18 prosent. Etnisk norske har ein reduksjon på ti prosent, går det fram av pressemeldinga.

Artikkeltags