Her går arbeidsløysa mest ned

STØRST NEDGANG: Ingen kommunar har større nedgang i  tal arbeidsledige ann Flora.

STØRST NEDGANG: Ingen kommunar har større nedgang i tal arbeidsledige ann Flora. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

ARBEIDSLIV: Arbeidsløysa går kraftig ned i Sogn og Fjordane, og nedgangen er størst i Flora.

DEL

Ved utgangen av april er det 1007 heilt ledige i Sogn og Fjordane, dette er ein nedgang på 197 samanlikna med same månad i fjor, går det fram av ei pressemelding frå NAV Sogn og Fjordane.

Og nedgangen er størst i Flora der det i dag er 56 færre arbeidsledige enn på same dato i fjor. Nærmast kjem Førde med ein nedgang på 33.

Lågast i landet

Og NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, opplyser at det er færre arbeidsledige i 19 av dei 26 kommunane i fylket, og nedgangen på 197 svarar til ein nedgang på 16 prosent. Og ved utgangen av april var 1,7 prosent av arbeidsstokken utan arbeid, det er lågast i landet.

– Også nabofylka våre, som har vore hardt råka av oljekrisa, har no ei positiv utvikling i arbeidsløysa, seier Thorsnes.

I Rogaland er det 900 færre ledige enn i april i fjor ein reduksjon på åtte prosent. Hordaland har ein reduksjon på tre prosent og Møre og Romsdal sju prosent.

Industri, bygg og anlegg dreg lasset

Industri, bygg og anlegg står for ein stor del av nedgangen i arbeidsløysa. Her er det høvesvis 63 og 37 færre ledige enn i april i fjor. Også innan reiseliv, transport og butikk- og salsarbeid er det ein bra nedgang. I dei næringane som har ein auke, er auken svært liten, heiter det i pressemeldinga.

I april var det 160 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. 41 av desse kjem frå bygg og anlegg og 81 frå industri, av dette 69 frå fiskeindustrien.

Auke i tal ledige stillingar

Samstundes er det klart at tilgangen på nye stillingar har auka med 13 prosent, samanlikna med april i fjor. Auken er størst innan yrkesgruppene meklarar og konsulentar og barne- og ungdomsarbeid. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg, undervisning, reiseliv og transport.

– Stillingstilgangen er bra innan dei fleste bransjar, så det finns mange moglegheiter for dei som er arbeidsledig, seier Thorsnes.

Betring i nabofylka

– Også nabofylka våre, som har vore hardt råka av oljekrisa, har no ei positiv utvikling i arbeidsløysa, fortel Thorsnes.

I Rogaland er det 900 færre ledige enn i april i fjor ein reduksjon på åtte prosent. Hordaland har ein reduksjon på tre prosent og Møre og Romsdal sju prosent.

Artikkeltags