Færre ledige under 30 år

Artikkelen er over 2 år gammel

ARBEID: Det blir færre utan arbeid i Sogn og Fjordane, og utviklinga er best blant dei under 30 år.

DEL

I den aldersgruppa var det 44 færre ledige i utgangen av juli enn på same tid i fjor. Det er ein nedgang på 16 prosent.

Positivt for utsette grupper

– Utviklinga på arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane er framleis positiv, og særleg positiv er den for utsette grupper som ungdom, innvandrarar og langtidsledige, fortel fungerande direktør for NAV Sogn og Fjordane, Knut Steinar Eitungjerde i ei pressemelding.

– Ein betre arbeidsmarknad er ein del av forklaringa, men dette er også grupper som har høg prioritet hjå NAV, seier Eitungjerde.

Ved utgangen av juli var det 953 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 40 færre enn for eitt år sidan, og svarar til ein reduksjon på fire prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,6 prosent har Sogn og Fjordane framleis lågaste arbeidsløyse i landet saman med Oppland, går det fram av pressemeldinga.

Størst nedgang i Flora

Det er også klart at 12 av dei 26 kommunane i fjordfylket hadde færre ledige enn for eitt år sidan. Reduksjonane er størst i Flora og Bremanger med høvesvis 51 og 28 færre enn i fjor. 14 av kommunane har ei arbeidsløyse på under 1,3 prosent. Og det er Gulen som har færrast ledige med 0,7 prosent. Høgste arbeidsløysa er i Hyllestad der 7,5 prosent av arbeidsstyrke er heilt utan arbeid, går det fram av pressemeldinga.

Artikkeltags