189 millionar i resultat for SFE

Johannes Rauboti er godt nøgd med resultatet frå fjoråret.

Johannes Rauboti er godt nøgd med resultatet frå fjoråret. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er 77 millionar kroner betre enn året før.

DEL

Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin årsrekneskap for 2016 viser eit resultat etter skatt på 189 millionar kroner. Det melder selskapet i ei pressemelding.

Høg produksjon og høgare prisar er ei viktig årsak til det gode resultatet i 2016, skriv dei.

– Resultatet er veldig godt sett i lys av dei rådande marknadsforholda. Sjølv om kraftprisane var høgare enn året før, er dei framleis relativt låge sett i eit historisk perspektiv. Men kombinert med stor produksjon gir det likevel eit godt resultat, seier konsernsjef Johannes Rauboti.

Styret i SFE, som handsama årsrekneskapen onsdag 22. mars, tilrår eit utbytte til eigarane på vel 77 millionar kroner – 17 millionar høgare enn året før.

Som største eigar vil utbyttet til Sogn og Fjordane Fylkeskommune vere på vel 37 millionar kroner. Dei andre eigarane som får sin del av utbyttet, er BKK og kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal. Det kjem fram i pressemeldinga.

Artikkeltags