No er Jon Rolf (19) verdsmeister

VERDSMEISTER: Jon Rolf Skamo Hope hadde peika ut 10 kilometer klassisk som disiplinen der han kunne ta medalje. Han fekk rett.

VERDSMEISTER: Jon Rolf Skamo Hope hadde peika ut 10 kilometer klassisk som disiplinen der han kunne ta medalje. Han fekk rett. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SVEITS: Ei kanonavslutning sikra Jon Rolf Skamo Hope sitt første individuelle junior VM-gull. Det er det ingen i Sogn og Fjordane som har greidd tidlegare.

DEL

Alle føresetnader låg til rette for hyaren Jon Rolf Skamo Hope tysdag, då han gjekk ut som sistemann på 10 kilometer klassisk, under junior-VM i Obergoms i Sveits.

I tillegg til å kunne gå løpet sitt ut ifrå tidene til dei framfor seg i løypa, hadde Skamo Hope på førehand utpeika 10-kilometeren som disiplinen der han hadde størst sjanse for medalje.

– Ein individuell medalje er årets store mål, og eg skal ha alle moglegheiter for å klare det. Spesielt på 10 kilometer klassisk, men også på 20 km duatlon er det moglegheiter, sa hyaren til Firda, før meisterskapet.

Han fekk rett i eigne spådommar. Tysdag kunne han juble, som fersk juniorverdsmeister. Ein prestasjon som ingen tidlegare har greidd i fylket.

Tett kamp til mål

Russaren Sergey Ardashev var Skamo Hope sin argaste konkurrent gjennom løpet, og dei to kniva om å halde teten ved kvar passering.

På det mest leia russaren Ved siste passering hadde russaren ei luke på 0,7 sekund, men derifrå var det langrennstalentet frå Hyen som var sterkast.

Han gjekk til slutt i mål på 24.58.8, som var ni sekund framfor Ardashev.

– Taktikken var å gå rolig og kontrollert ut frå start, og så skulle eg avslutte hardt. Det lukkast eg med. Dette er min største siger i karrieren, sa Hope i eit intervju med arrangøren på stadion etter løpet, som vart omtala av nettstaden langrenn.com.

Historisk frå før

19-åringen deltek i junior-VM for tredje året, ein prestasjon som ingen langrennsløpar i Sogn og Fjordane har greidd tidlegare.

Når uttaket var klart, passerte han Odd-Bjørn Hjelmeset, som hadde to junior-VM.

I fjorårets junior-VM, var Skamo Hope med på stafettlaget som tok gull. I år har målet hans vore krystallklart: Det er berre ein individuell medalje som er godt nok.

Les også: Gjekk på trynet då han jakta VM-medalje

Artikkeltags