For få søkarar – no vil dei ha all medieopplæring i Førde

UT MED MEDIA: Få søkjarar kan bety slutten for medium- og kommunikasjonslinja ved Sogndal Vgs.

UT MED MEDIA: Få søkjarar kan bety slutten for medium- og kommunikasjonslinja ved Sogndal Vgs. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Fylkesdirektøren vil fjerne medielinja i Sogndal. Då blir Førde fylkets einaste medieskulestad.

DEL

I saksframlegget til opplæringstilbod i Sogn og Fjordane skuleåret 2018–2019 vert det gjort greie for ein klar nedgang i søkartalet til medium- og kommunikasjonslinja ved både Sogndal og Hafstad vidaregåande skule.

Det fallande talet elevar på desse linjene er grunnen til at det blir foreslått å legge ned linja i Sogndal. Mange av dei som begynner på linja fell også av eller byter linje i løpet av første året, går det fram av saksframlegget.

Nasjonal trend

Mindre interesse for medielinjer er noko ein ser over heile landet, ifølge Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane.

– Den negative utviklinga i søking til desse linjene har ført til ein overkapasitet. Difor vil vi ha fylkesdekkande tilbod ved linja i Førde, seier Skaasheim.

Ho meiner ressursane heller bør nyttast til dei linjene der skulane har for lite kapasitet. Mange av dei som søker seg til medielinja, har studiespesialisering som alternativt val, ifølge fylkesdirektøren.

Kan bli valfag

Skaasheim ventar at det kanskje kjem negative reaksjonar frå dei som vil gå på linja i Sogndal, men understrekar at det er lite å gjere når søkartalet går ned både på nasjonalt plan og i fylket.

Ho meiner skulane likevel vil kunne tilby mediefag til dei som går andre linjer på vidaregåande skule.

– Det er allereie ei moglegheit på mange skular, og det vil kunne vere eit tilbod til elevane på studiespesialisering som vil ta mediefag.

Om linja blir lagt ned vil bli avgjort ved neste møte i hovudutvalet for opplæring i Sogn og Fjordane tysdag 21. november.

Artikkeltags