– No er eg veldig, veldig glad.
Det seir Naustdal-ordførar Håkon Myrvang etter at det fredag blei klart at regjeringa seier ja til gruvedrift i Vevring. Då gjekk Nordic Mining rett til topps på Oslo Børs.
– Vi har venta på ei avklaring veldig lenge, så no er eg veldig tilfreds.
- Les også: Lødemel: – Dette er ein merkedag
Ordføraren har ein dag med mykje møter framfor seg, men skal likevel bruke dagen til å glede seg over vedtaket.
Takkar mostandarane
Han rosar regjeringa for å ha landa på dette vedtaket.
– Korleis trur du stemninga i Naustdal blir no, med tanke på alle dei som har vore sterke motstandarar av prosjektet?
– Eg har stor respekt for dei som har vore imot. Det har ført til at det er brukt meir tid på å greie ut og analysere prosjektet og at vi slik sit att med eit betre prosjekt. Det har vore stilt ein god del spørsmål som vi har brukt mykje tid på å svare på og å avklare, svarar ordføraren.
- Les også: Bjørlo bli med i lenkegjeng mot deponi
Førebudd på eit ja
Kommunen har allereie budd seg på at det skulle komme eit ja til gruvedrift i Vevring. I kommunedelplanen for Vevring ligg det inne alternativ både med og utan gruvedrift. Også når det gjeld skulestrukturen har kommunen lagt planar som tar utgangspunkt i eit ja til gruvedrift.
– Det er jo dette vi har trudd og håpa på, så vi har prøvd å rigge oss godt med tanke på at vi skal ta i mot mange som vil flytte hit for å jobbe her, seier Myrvang.
Det blir likevel mykje arbeid i tida framover.
– Men det blir veldig spennande, og vi gler oss!
Jubel i Askvoll
Ordførar Frida Melvær (H) i Askvoll reagerte med lettesle og ei kjensle av glede då ho i dag tidleg fekk telefon om at avgjerda om både deponi i Førdefjorden og reguleringsplanen for Engebø var godkjent av regjeringa.
– Den første reaksjonen var lettelse. Over at avgjerda er teken, og sjølvsagt over den positive avgjerda som kom. Dette er ei sak som har gått føre seg i mange år, og som har skapt kjensler i alle retningar, seier Melvær.
– Må sjå dei fantastiske moglegheitene
Frida Melvær seier at ho i dag ser enorme positive mogleheiter, for kommunen, for Sunnfjord og for heile fylket.
– For Askvoll kommmune handlar dette mellom anna om bustenad og arbeidsplassar. Det er svært kort avstand over fjorden frå Kvammen, og i dei forhandlingskontraktane som vart inngått i samband med det kommunale vedtaket om reguleringsplanen i 2011 er det inne at det kjem ei arbeidsrute mellom Kvammen og Engebø, seier Melvær.
Ho vil no ta med resten av kommunestyret og få til ein diskusjon om korleis ein kan bidra til å vere med å utvikle området.
– Det har lagt ei motstand i denne saka. Mitt fokus framover blir å utnytte det positivet svaret som no er komme til at dette skal bli ein suksess, både samfunnsmessig og miljømessig. Eg synest også at det er veldig bra at sjømatnæringa som allereie er i fjorden er vektlagt i denne saka, ved at det heile tida blir målingar slik fjordmiljøet blir overvåka, seier Melvær.
Håpar på felles innsats
– Mitt største ønske akkurat no er at alle no grip moglegheitene og gjer dette til ein suksess for regionen. No er ei avgjerd teken, og uansett kva ein meiner, så må forhalde seg til den. Eg ønsker verkeleg at alle no set alt på å gjere dette til ein suksess, seier Melvær