Alle flyavgangar til og frå fylket er innstilte

Alle flygningar til og frå Førde Lufthavn Bringeland Lufthamn er

Alle flygningar til og frå Førde Lufthavn Bringeland Lufthamn er Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Ekstremvêret «Urd» har gjort at det ikkje går nokon flygingar resten av dagen.

DEL

I alt 13 flygingar er innstilt grunna uvêret og alle passasjerane er booka om til morgondagen i staden, skriv NRK.

På Sogndal og Sandane vart 4 flygingar innstilt, medan to og tre flygingar vart innstilt frå høvesvis Florø og Førde Lufthamn.

Dei fleste av dei mindre flyplassane på heile Vestlandet har fått flygingane sine innstilte på grunn av «Urd».

– Flygeleiartenesta vurderer været fortløpande og vi inngår aldri kompromiss når det gjelder sikkerheita, seier pressetalsmann i Avinor Lasse Vangstein.

– Dette er mindre flyplassar med kortare rullebaner og då er det andre reglar som gjelder enn for dei større flyplassane, for der er det forholdsvis greie forhold akkurat no. Vi er spente utover ettermiddagen, for det er jo no det skal dra seg til.

Vangstein ber passasjerane stelle seg til informasjonen frå flyselskapet og dersom dei ikkje høyrer noko frå selskapet skal dei i utgangspunktet møte som normalt på flyplassen.

Artikkeltags