Mann dømt for truslar og fyllekøyring

KRIM: Mannen blei dømt for truslar mot skatteoppkrevjaren og fyllekøyring med motorbåt.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ein mann i førtiåra blei dømt i Sogn og Fjordane tingrett måndag, til fengsel i 24 dagar og tap av retten til å føre båtførarpliktig fritidsbåt i eitt år.

I sommar ringde mannen til skatteoppkrevjaren og etterlyste utbetalinga av skatteoppgjeret. Han blei gjort merksam på at han hadde uoppgjorte skattekrav. Mannen sa at han skulle «knuse» kvinna neste gong han trefte ho, eller brukte ei liknande formulering med same meiningsinnhald.

For dette blei han dømt etter straffelovas paragraf 155 for truslar mot offentleg tenestemann.

I tillegg blei mannen dømt etter småbotlovas paragraf 37 for å ha ført ein motorbåt påverka av alkohol. Det skjedde i fjor vår. Turen enda i kollisjon i eit kaianlegg i høg fart. Båten hadde seks passasjerar, kor tre av personane blei skadd. I tillegg til blei både båten og kaianlegget skadd i hendinga.

Det var formildande at mannen tilstod begge hendingane, men skjerpande at kollisjonen førte til personskadar og materielle skadar.

Artikkeltags