Sogn og Fjordane teater har sleppt haustprogrammet

Artikkelen er over 3 år gammel

Ei tidsreise i dans, eit stykke om tilliten i ekteskap og ei juleframsyning av 90 born og unge er noko av det som står på planen for den kommande teaterhausten.

DEL

– Teaterhausten blir variert og fin. Vi gler oss veldig.

Sogn og Fjordane teater har no sleppt programmet for hausten, og teateret sin informasjons- og marknadssjef Lene Grande trur haustens program har noko for alle.

Sjå teateret sin eigen presentasjonsvideo for hausten i videospelaren til høgre.

Danse-tidsreise på bygdehusa

Eit av dei nye stykka denne hausten heiter «På lokalet!» og er ei danseteaterframsyning. Stykket har urpremiere i Viking-huset i Førde 2. september, men skal vidare bli spelt i mange av bygdehusa i Sogn og Fjordane.

– Vi gler oss til å reise ut til bygdehusa med danseteaterframsyninga. Der har vi med Anette Stokke Og Christer Tornell frå «Skal vi danse» og fire andre dansarar. Saman med skodespelar Idun Losnegård skal dei ta oss med på ei dansereise frå '40 til '80-talet. Hår, kostyme og dansestil vil følge dei ulike tiåara, seier Grande.

«Black box»-scena på ny turne

Det nye konseptet «Black Box» skal også på ny turne. Dette er ei flyttbar scene, omringa av fire svarte vegger. Det er berre 62 sitteplassar, og publikum kjem difor heilt tett på skodespelarane. Stykket som til hausten skal på turne med denne minimalistiske scena heiter «Kvinna frå før», og er eit tysk samtidsdrama om tilliten i ekteskapet. Stykket har ikkje blitt sett opp i Norge før, og den unge skodespelaren Reidun Melvær Berge frå Florø skal vere med.

Mot slutten av hausten kjem teateret med to nye juleframsyningar. Den eine heiter «Juleevangeliet – Miriam si forteljing» og handlar om forteljinga om Jesu fødsel, fortalt av søstera til Josef: Miriam spelt av Idun Losnegård. Stykket har premiere i Stongfjorden kyrkje 18. november, og blir vidare spelt i kyrkjene i fylket gjennom førjulstida.

Storsatsing med 90 born og unge
Idun Losnegård spelar Miriam i «Juleevangeliet – Miriam si forteljing».

Idun Losnegård spelar Miriam i «Juleevangeliet – Miriam si forteljing». Foto:

Haustens storsatsing er familieframsyninga «Julekrybba», som er eit samarbeid mellom kulturskulane i Florø, Førde, Naustdal og Jølster. Her skal rundt 90 born og unge mellom 8 og 19 år vere med i spelet om juleevangeliet, Jesu fødsel og andre tekstar frå Det nye testamentet. Denne juleframsyninga blir spelt i Naustdal-, Helgheim- og Florø kyrkje dei tre første helgene i advent.

– Dette blir ein storslegen produksjon. 30 kostyme skal lagast på systua til teateret. Teikningane ser heilt fantastiske ut, seier informasjonssjef Grande.

Like før Sogn og Fjordane teater viste fram haustens program, opna dei også det heilt nye «Eventyrrommet» for det yngre publikum.

– Det var veldig kjekt. Nærleiken barnehage var på den andre eventyrstunda vi hadde i dag, og dei sa at dette var noko av det beste dei hadde vore med på, seier Grande.

Les meir om «Eventyrrommet» her:

Artikkeltags