Sogn og Fjordane Kunstmuseum om kunstverket Laksen

Vi registrerer elles at vår gode kunstnarven Stig Eikaas etterlyser kunstmuseet sitt engasjement i saka. Vi takkar for merksemda og kan fortelje at vi har uttrykt synet vårt fleire stader, både til Vestland fylke si kulturavdeling, til NRK, på eigne Facebooksider og no her i Firda., skriv Fridtjov Urdal.

Vi registrerer elles at vår gode kunstnarven Stig Eikaas etterlyser kunstmuseet sitt engasjement i saka. Vi takkar for merksemda og kan fortelje at vi har uttrykt synet vårt fleire stader, både til Vestland fylke si kulturavdeling, til NRK, på eigne Facebooksider og no her i Firda., skriv Fridtjov Urdal. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Sjølv om skulptøren Jørn Rønnau sitt verk «Laksen» i Førde ikkje er ein del av kunstmuseet si samling, og difor ligg utanfor muset sitt formelle myndigheitsområde, er det utifrå ein fagleg ståstad naturleg å ha ei meining om kva lagnad både «Laksen» og andre liknande kunstverk i det offentlege rom har og får.

Ei forsnevring av området kring verket vil vere ei alvorleg endring av det aller næraste miljøet kring skulpturen. Det ser vi som svært uheldig, av di dei ymse elementa er sett i ein samanheng.

Ei flytting av skulpturen «Laksen» er ikkje råd utan ein bryt med Lov om åndsverk. Ei flytting kan ikkje gjerast utan at heile idégrunnlaget vert endra, og om ein flyttar og rekonstruerer verket på ein stad der det ikkje var tiltenkt, er det ikkje lenger «Laksen» ein flyttar, ein gjere det då til eit anna verk.

Staden skulpturen ligg er ikkje valt tilfeldig, skulptur og omgjevnader er utrykk for ein samlande kunstnarleg tanke. Fleire ting er her knytt i hop, linja i elvefaret, fest-/utstillingsplassen og ikkje minst Førdehuset, skulpturen var, og er, tenkt som ein del av denne heilskapen. «Laksen» er eit av dei største landskapskunstverka her til lands. Den er det største attståande minnet om Miljøkunstveka 1989, såleis er den og eit historisk minne. Miljøkunstveka var eit viktig arrangement for å vekkje medvitet om det nære livsmiljø, der vi er og bur (Førde hadde på den tida fått ord på seg for å vere den styggaste tettstaden i landet). «Laksen», og liknande kunstverk, har ei viktig oppgåve når det gjeld det særeigne på ein stad. Den har ein eigenverd som kunstverk og tidsbilete ,all den tid den og er ein del av det som er og vert vårt felles minne og arvelodd. Sogn og Fjordane kunstmuseum vil tilrå at «Laksen» og i framtida får vere der den er no, urørt, og ein del av kunsten i Førde.

Vi registrerer elles at vår gode kunstnarven Stig Eikaas etterlyser kunstmuseet sitt engasjement i saka. Vi takkar for merksemda og kan fortelje at vi har uttrykt synet vårt fleire stader, både til Vestland fylke si kulturavdeling, til NRK, på eigne Facebooksider og no her i Firda.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken