Sogn og Fjordane kan bli ein maktfaktor på den rikspolitiske arenaen

 Sluingane i Senterpartiet kan også finne på å gjere ein vri, der Jonas Gahr Støre blir statsminister mot at SV blir haldne utanfor regjering – sjølvsagt i byte mot sentrale statsrådspostar, skriv ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen.

Sluingane i Senterpartiet kan også finne på å gjere ein vri, der Jonas Gahr Støre blir statsminister mot at SV blir haldne utanfor regjering – sjølvsagt i byte mot sentrale statsrådspostar, skriv ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen. Foto:

DEL

LeiarDette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Sit vi og ventar på ein statsminister som kan ta landet i ei ny retning? Det kan sjå slik ut når vi les meiningsmålinga som vart publisert i Bergens Tidende torsdag kveld. Senterpartiet får rekordhøge 42 prosent oppslutning i Sogn og Fjordane, og vil med det suse inn på Stortinget med både Erling Sande og Aleksander Øren Heen på fast plass.

Og ikkje nok med det: Erling Sande vil vere ein soleklar statsrådskandidat i ei regjering der Senterpartiet kan bli det største partiet. Det gjer at Emma Berge Ness alt no kan sjå føre seg å bli eit fast innslag på Stortinget dei neste fire åra.

Ei meiningsmåling er uansett meiningsmåling, og det er ganske langt fram før Senterpartiet kan innkassere sigeren. Men det er uansett klart at veljarane flyttar på seg, for første gang har vi tre klare statsministerkandidatar, det i seg sjølv vil gjere Stortingsvalet 2021 til noko heilt anna enn det vi har hatt tidlegare. Ein stor del av veljarane vil ha fokus på kven dei vil ha som statsminister, og ved dette valet vil desse røystene i hovudsak bli delt mellom Høgre, Arbeidarpartiet og no også Senterpartiet.

Akkurat no bles vinden i retning av Trygve Slagsvold Vedum som statsminister, viss det er det han vil. Sluingane i Senterpartiet kan også finne på å gjere ein vri, der Jonas Gahr Støre blir statsminister mot at SV blir haldne utanfor regjering – sjølvsagt i byte mot sentrale statsrådspostar. Rett og slett ofre toppleiarposisjonen i byte mot makt. Dette er motsett strategi av det Høgre har drive med dei siste åtte åra, der Erna Solberg forhandla vekk Høgre-politikk – mot å bli sitjande som toppsjefen.

Det er berre å spenne seg fast. Liv Signe Navarsete, som takka nei til å bli nominert til Stortinget, er eit av dei sikraste korta i ein regjeringskabal med Senterpartiet i førarsetet. Sogn og Fjordane kan gå frå å ha ein gjeng med backbencharar på Stortinget til å bli ein sentral maktfaktor på den rikspolitiske arenaen.

Kven skulle trudd det? Etter åtte år med det mange oppfattar som sentralisering, samanslåing av kommunar og fylkeskommunar, der heller ikkje Arbeiderparitet har stått fram som eit godt alternativ, ser veljarane ut til å vere klare for noko anna. Akkurat no ser det ut til at landet vårt ventar på Trygve Slagsvold Vedum. Med på kjøpet får vi truleg fleire statsrådar frå Sogn og Fjordane.

Så spørst det kva som skjer med pandemien i 2021. Vaksinen sitt inntog kan snu vinden til fordel for Høgre. Kanskje vil regjeringa Solberg oppnå heltestatus der eit folk i lykkerus vil takke for vel gjennomført kriseleiing?

God fart i økonomien og eit land på veg tilbake til normalen kan flytte store veljarmassar tilbake der dei var før pandemien, og kanskje litt til. Stortingsvalet 2021 er slett ikkje avgjort. Men det kan hende både Arbeidarpartiet og Høgre må gjere noko med distriktspolitikken. Det som har vore vist fram så langt har vore tynne greier.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken