FIRDAPOSTEN: Landslaget for lokalaviser (LLA) delte i helga ut ei rad prisar på landsmøtet sitt. Sogn Avis fekk den aller gjævaste. Utmerkinga Årets lokalavis vann dei for andre gong då dei også gjekk til topps i 2015. Og ikkje nok med det. Dei vann også den høgthengande prisen «Årets historieforteljing». (Den saka kan du lese litt lenger nede i teksten.)
Det er ei ny veke i dei nye lokala til Sogn Avis i Sogndal. Utanom ei markering av sigeren i lunsjen, så blir det ikkje noko kviling på laurbæra. No vil dei vidare. Men det legg ikkje noko dempar på stemninga å bli løfta fram slik dei vart i Tromsø denne helga. Det var ein inspirasjon.

Viss ikkje dette blir fjerna, ventar høge dagbøter
– Veldig kjekt
– Vi ønskjer jo å vere ei best mogleg avis og treffe flest mogeleg. Så trur eg samstundes det er viktig at lesarane også skal vite at lokalavisa deira er god. For det er kanskje lett å ta lokalavisa si for gitt då den har alltid vore der, seier Eli Grotle. Ho er nyhenderedaktør og frå Bremanger, må vi jo få legge til.
Ved å konkurrere om å bli årets lokalavis har dei hatt ei gulrot til å utvikle seg. Prosessen vore ei sjølvransaking for å finne område kor dei kan forbetre seg. Men på nokre område har dei vore i eliten lenge. Det er på historieforteljing.
Sogn Avis er no ein del av Amedia-familien. Og i fjor var redaktør Arve Uglum og Nyhenderedaktør Eli Grotle i Oslo for snakke om kvifor nettopp Sogn Avis lukkast med å engasjere lesarane sine. Det var nemleg ingen aviser som kunne vise til betre tal og statistikk på langlesing. Så Uglum sjølv, og truleg ein og anna redaktør i Amedia, stilte spørsmålet knytt til statistikken. Les sogningar spesielt seint?
At Sogn Avis vann prisen «Årets historieforteljing» i år, skulle vere eit tydeleg svar på det. Nei dei er berre litt flinkare til å engasjere lesarane sine.
På scena med kjelde
Eli Grotle hadde også eit innslag ifrå scena under landsmøtet. Ho var denne gongen saman med ei kjelde. Føre 200 journalistar i Tromsø kunne Inger Helgestad (26) fortelje historia om korleis ho miste mannen og faren til sonen sin i ei trafikkulykke på Lustravegen i oktober i 2020.
– Det er ikkje så ofte du får med deg ei kjelde på scena slik, så det var interessant frå eit journalistisk perspektiv. Og så vart det vart jo eit slags show ut av det heile, fortel Grotle.
(Historia kan du lese under her:)
På fire sekund snudde livet for Inger (24). Og lagnaden hadde meir på lager
Veks blant dei unge
«Avisa har peika ut fleire tydelege satsingar som dei er tru mot over tid. Innhald som fengjer unge vaksne og nye generasjonar er sentralt, og tal for oppslutning og bruk fortel at det verkar. Avisa har størst vekst i aldersgruppene 20–39 år, både i abonnement og bruk av innhald. Avisa misser likevel ikkje av syne at dei skal vere ei lokalavis for alle. Dette viser igjen i ei stor allsidigheit i innhald,» skriv juryen mellom anna i grunngjevinga si.
Dølen og Hallingdølen fekk heiderleg omtale i konkurransen om å bli Årets lokalavis. I tillegg delte LLA også ut desse hovudprisane:
- LLAs journalistpris: Hallingdølen
- LLAs marknadspris: Bømlo-nytt
- Årets lokalavisfoto: Emil Sjåstad Nyeng, Dølen
- Årets historieforteljing: Kyrre Fitje, Sogn Avis
- Årets digitale satsing: Hordaland
- Årets lokalavisside: Hallingdølen
(Under her kan du lese historia laga av Kyrre Fitje i Sogn Avis)
– Skal eg vente til hjelpa kjem, eller kaste terning med livet?
På landsmøtet presenterte LLA nye store planar om samarbeidande journalistikk, der dei over 100 avisene som er knytt til organisasjonen, skal stå saman om felles research og datajournalistikk. Samarbeidet skal inspirere og gi lokalavisene tilgang til godt stoff om levande lokalsamfunn.
Øystein Øygarden, Vest-Telemark blad, vart attvald som styreleiar i LLA. Også resten av styremedlemmene held fram: Tone Sidsel Sanden, Dølen, (nestleiar), Camilla Skaar, Hordaland Folkeblad, (nestleiar), Knut Martinsen, Avisa Hemnes, Trude Hiller, Steinkjer-Avisa, Svend Arne Vee, Firdaposten og Lillian Holden, Hallingdølen.
