Gå til sidens hovedinnhold

Snøskred stengde to tunnelar på riksveg 5

Entreprenør var då på veg til staden.

Like før klokka 11 tysdag føremiddag melde Vegtrafikksentralen om eit snøskred på riksveg 5 mellom Skei og Sogndal.

Raset har gått på Lundebotn mellom Støylsnes- og Fjærlandstunnelen.

Trafikkoperatør Jan Marøy opplyser at det var ein bilist som melde frå om raset.

– Det er eit relativt lite ras, og det er ikkje noko som tyder på at det er nokon som er tekne av dette. Det let seg truleg rydde av ein brøytebil, seier Marøy.

Brøytebil var då på veg til staden for å rydde opp.

Det stod bilar på kvar side av raset. Desse stod fast, då tunnelane er stengde, og kom seg ingen veg før vegen var opna.

– Vi har stengt tunnelane for å unngå at fleire bilar køyrer bort til raset. Forhåpentlegvis er ikkje brøytebilen så langt unna, sa Marøy tysdag formiddag.

Les også

Geir Ove kom like etter at raset gjekk: – Såg at eine bilen rygga bakover

Kommentarer til denne saken