Gå til sidens hovedinnhold

Snøskred i Luster

Det pågår no søking i området.

Snøskredet vert meldt klokka 14.25 på nasjonaldagen.

Skredet skal ha gått på Dyrhaugstindane, og dei første redningsressursane er no i skredområdet.

Førebels er det ikkje meldt om nokon sakna, men det er gjort observasjonar av skispor inn mot området der skredet har gått.

Klokka 15.40 melder politiets operasjonssentral at redningshelikopter, luftambulanse, mannskap frå Norske Redningshunder og Røde Kors er i området.

Litt over ein time seinare melder politiet at aksjonen i fjellet vert avslutta.

Det er då søkt i det aktuelle området, og det er ingenting som tyder på at nokon er teke av skredet.

Kommentarer til denne saken