Gå til sidens hovedinnhold

Snøras stengjer Hol – Aurland: Ber trafikantar om å trekke seg unna

Artikkelen er over 1 år gammel

Vegen blir verande stengd natt til måndag. På måndag morgon skal Statens vegvesen vurdere kva dei skal gjere vidare.

Eit snøras har søndag gått over fjellovergangen fv. 50 Hol – Aurland ved Østerbø fjellstove.

Det vert meldt av Vegtrafikksentralen Vest klokka 16.51 søndag. Grunna rasfare vert trafikantar i rasområdet oppfordra til å trekke seg unna.

– Raset er 3–4 meter høgt og dekkjer heile vegbana. Staden der raset har gått er ved Østerbø fjellstove, ein plass der det har rasa tidlegare, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal i Statens vegvesen til Firda.

Han fortel at med den siste tidas nedbør og snøsmelting er det truleg det som har utløyst snøskredet.

Det at det er mildvêr gjer også at Vegtrafikksentralen mistenker at det er høgre trafikk på vegstrekninga enn elles.

– Det er minus ein grad og snø over Hardangervidda, som også er ein mykje lenger fjellovergang. Det fører nok til at mange av dei på sommardekk vel å køyre over Hol – Aurland, som er kortare. Det gir nok høgre trafikk enn vanleg, og desse vil no komme til stengt veg, seier Omdal.

– Desse vil nok måtte snu. Vegen må ryddast og akkurat no er vegen godt stengt, seier han.

Vest politidistrikt melder på Twitter at det ikkje er noko som tyder på at bilar eller personar er tekne av raset.

Entreprenør og politi er sendt til staden, i tillegg til lavinehundar som skal sjekke rasstaden.

Kommentarer til denne saken