Gå til sidens hovedinnhold

Snøras stengde Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet blei stengd søndag ettermiddag. Det melde Vegtrafikksentralen klokka 1730.

– Ein ambulanse på utrykking melder at vegen er stengd på grunn av snøras. Han kjem seg ikkje forbi, opplyser Vegtrafikksentralen.

Entreprenør var då på veg.

Klokka 18.23 melde Vegtrafikksentralen at entreprenør hadde rydda raset og at vegen var open igjen.

Raset gjekk i botn av Holdalen.

Kommentarer til denne saken