I april og mai omkom 34 menneske i trafikken, tre av desse i Vestland. No i juni omkom også ein 12 år gammal gut i ei tragisk ulykke i Øygarden kommune.

Trygg Trafikk uroa for fleire alvorlege trafikkulykker i sommarmånadene som ligg føre oss.

Høgsesong for ulykker

– Sommaren er ofte høgsesong for alvorlege trafikkulykker langs vegane våre, seier Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar for Trygg Trafikk Vestland i ei pressemelding.

For perioden 2010–2020 vart 2311 menneske skadde eller drepne i trafikken i Vestland i juni, juli og august. 54 omkom, 295 vart hardt skadde og 1962 pådrog seg ulike typar skadar.

I fjor pådrog 190 menneske seg ein personskade grunna trafikkulykker i Vestland i løpet av sommarmånadene. Av desse vart 37 drepne eller hardt skadde, og mange sat att som pårørande.

– Å vere på vegen er heilt nødvendig for å fungere i kvardagen som vestlending, om det er som fotgjengar, syklist, bilist eller i tyngre køyretøy. Då er det for gale at så mange hamnar i ulykker som eit resultat av noko så banalt som å vere i trafikken på ein vestlandsveg, seier Nestås.

Sommardugnad

Trygg Trafikk oppmodar no til ein sommardugnad.

– I Noreg er vi gode på dugnadar. Såpass gode at du skal leite godt for å finne eit ord for dugnad i andre språk. Kan vi rett og slett bruke denne makelause dugleiken for å unngå trafikkulykker i sommar i Sunnfjord og Vestland elles, spør Nestås.

Det som stort sett stel merksemda på overskriftsnivå om trafikktryggleik her i Vestland, er vegutbyggingar, peikar Nestås på. Stadig nye og spennande køyretøy og teknologiutvikling er også noko vi stadig får lese om.

– Det er eit enkelt faktum at det er du og eg som kan utføre dei enklaste og mest effektive tiltaka for betre trafikktryggleik med det same: Vi kan halde fartsgrensa og køyre etter forholda, ha augo på vegen, bruke tryggingsutstyr som bilbelte og sykkelhjelm, ta omsyn og aldri køyre ruspåverka. Med slike enkle grep er vi langt på veg for å kunne få til ein livsviktig sommardugnad: Null drepne og hardt skadde for resten av sommaren, det hadde vore noko, seier Nestås.

Les også

Sabrina vakna etter tre veker i koma. – Evig takknemleg for at eg er i live