Gå til sidens hovedinnhold

Snart kan koronatestane bli mindre ubehagelege

Folkehelseinstituttet (FHI) vurderer no å ta i bruk spytt-testar for korona i staden for pinnane som blir stukne langt inn nasen.

– Det er noko vi ser på no. Det er for tidleg å konkludere, men det blir vurdert. Det vil utvilsamt lette byrda for dei som blir tatt prøve av, seier Vold.

Ho forklarer:

– Grunnen til at vi ser på spytt som testmedium er jo at det er enklare for den som skal bli tatt prøve av. Særleg på barn, som kan grue seg til å ta testen til dømes. Viss dei har teke han éin gong, så motset dei seg kanskje neste gong fordi det er litt ubehageleg, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI).

Rapport

Førre veke publiserte FHI ein rapport som konkluderte med at spyttprøvene er litt mindre nøyaktige enn dagens testar, der ein stikk ein tynn vattpinne langt inn i nasen og halsen. Men nøyaktigheita kan vere høg nok til at dei blir tekne i bruk.

– Kunnskapsoppsummeringa vår viser at det er relativt sensitivt. Det viser seg at sensitiviteten kanskje er noko lågare ved bruk av spytt, men likevel så blir det vurdert som godt, seier Vold.

Det er likevel ikkje sikkert at spytt-testar blir rulla ut.

– Vi må sjå på andre faktorar òg. Mellom anna utstyr, transport av prøver og behov for prosedyrar på laboratoria for mottak av prøvene. Dette må avklarast viss det skal brukast, seier avdelingsdirektøren.

Spytt-testar må ikkje forvekslast med dei såkalla hurtigtestane. Over ein million covid-19-hurtigtestar er sende ut til kommunane i landet, men også desse blir tekne med vattpinnar i dei øvre luftvegane. Forskjellen er at ein får svar innan 15 minutt, men dei er òg mindre nøyaktige.

Gjennomgang

I rapporten sin konkluderer FHI med at nøyaktigheita på spyttprøver samanlikna med dei vanlege koronaprøvene som blir tekne i øvre luftvegar, truleg er noko lågare med omsyn til sensitivitet.

Sensitivitet er sannsynet for at ein person som er sjuk eller smitta, får positivt svar på testen.

Når det gjeld spesifisitet, som er sannsynet for at ein frisk person får negativ test, skårar likevel spyttprøva høgt.

FHI har gått gjennom i alt 27 analysar av totalt 7.065 para spytt- og luftvegsprøver. Likevel tek dei fleire atterhald om at det kan vere andre faktorar som påverkar analysane.

Kommentarer til denne saken