Onsdag skal Fylkestinget bestemme om elevar på dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune skal få tilgang til gratis sanitetsprodukt.
Den nye ordninga skal gje enkel og god tilgang på gratis bind og tampongar, slik at det vert enklare for jenter å bli verande på skulen sjølv om dei har gløymt å ta med sanitetsprodukt i heimanfrå. Både Hovudutvalet for opplæring og kompetanse og Fylkesutvalet har allereie sagt ja til ordninga.
– Dette er veldig, veldig bra! sa helsesjukepleiar Jorunn Eldegard som jobbar på Hafstad vidaregåande skule til Firda i februar.

No blir det gratis bind og tampongar på alle dei vidaregåande skulane i Vestland
Det er sett av ein million kroner i året til innføring av ordninga. Skulane vil få midlar basert på kor mange jenter som går på skulen. Det er sett av midlar i budsjettet for 2022.
Fylkesdirektør Rune Haugsdal har lagt fram at ordninga må vere basert på sjølvbetjening, og ikkje vere avhengig av at det er helsesjukepleiar eller tilsette på skulen på jobb. For nokre skular kan det også vere aktuelt å ha bind og tampongar på jentetoalett eller fellesareal.
Skulane skal sjølv vurdere korleis dei vil gjere produkta tilgjengeleg.

Svært få søkarar til Høyanger vgs: – Vi kan ikkje forvente å drive klasse med to elevar

Samla inn rekordhøg sum – Då stilte ordføraren og hotellsjefen opp
