Stortinget har vedteke at det skal innførast meldeplikt for helsepersonell når det er grunn til å tru at eldre blir utsett for vald og overgrep.

Det skal òg lagast nasjonale retningslinjer for korleis slike saker skal greiast ut og handterast, skriv Aftenposten.

– Alle eldre har rett på trygg omsorg, og ingen eldre skal oppleve frykt for å bli utsette for vald eller overgrep, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug. Ho fremja forslaget om meldeplikt.

Listhaug seier eldre er ei ekstra sårbar gruppe som ikkje alltid har moglegheit til å gi beskjed om dei blir utsette for vald og overgrep.

– Det er eit stort behov for at overgrep overfor eldre i større grad enn i dag blir hindra og blir følgt opp, seier Frp-leiaren.

(©NPK)