I tillegg blir delstrekningar på fleirkantsamband til veglause øyer og samfunn, med under 100.000 passasjerar, også gratis frå 1. juli. Det skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding onsdag.
– Vi er svært nøgde med at vi kan vedta dette. Gratis ferje vil vere svært positivt for dei som bur på øyane. Det kan medverke til å redusere sosial ulikskap og betre livskvaliteten. Alle som reiser med desse sambanda vil få ein meirverdi, og næringslivet får lågare kostnader. Dette bidreg til å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Den dagen ferja blir gratis skal eg setje bilen att på dekk medan eg drikk sjampanje i salongen
Dei 10 ferjestrekningane som blir gratis frå 1. juli er:
- Hisarøy - Mjånes.
- Barmen - Barmsund.
- Klokkarvik - Lerøy - Bjelkarøy - Hjellestad.
- Daløy - Haldorsneset.
- Fjelberg - Sydnes - Utbjoa.
- Kinsarvik - UtneFedje - Sævrøy.
- Masfjordnes – Duesund.
- Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella.
- Husavik-Sandvikvåg.

– Absolutt ein god dag å vere ordførar på!
Delstrekningar på fleirkantsamband til veglause øyer og samfunn som også blir gratis frå 1. juli er:
- Askvoll - Gjervik - Fure – Værlandet (Gjeld reisande til og frå Gjervik og Værlandet).
- Gjermundshamn - Varaldsøy – Årsnes (Gjeld reisande til og frå Varaldsøy).
- Jektevik - Nordhuglo – Hodnanes (Gjeld reisande til og frå Nordhuglo).
- Måløy - Husevågøy – Oldeide (Gjeld reisande til og frå Husevågøy).
Vestland har også ein del bilførande hurtigbåtar.
Fylkestinget vil ikkje innføre gratis reise for desse på grunn av store kapasitetsmessige utfordringar. Derimot har fylkestinget vedteke å innføre sambanda i sonebillettsstemet frå 1. juli. For dei samfunna som ikkje får reell takstnedgang i soneinndelinga, har fylkestinget vedteke å halvere dagens takst for passasjerar.
Dette gjeld:
- Kaupanger kai – Frønningen.
- Vik-Ortnevik.
- Ortnevik-Måren-Nordeide.
- Florabassenget.
- Eidsvik- Espevær.
No ligg Atløysambandet på Stortingets bord: – Kan vere ferdig i 2028
Auka kostnad på 30 til35 millionar
Etter framlegg frå Trude Brosvik (KrF) vedtok fylkestinget at fylkesadministrasjonen skal gå gjennom dei ulike sambanda som ikkje er tekne med i vedtaket, for å kvalitetssikre at samband som kan kome inn under ordninga ikkje er utegløymde.
Eventuelle behov for justeringar skal dei komme tilbake til.
Det er kalkulert at gratis ferje vil auke kostnadene for fylkeskommunen med 30 til 35 millionar kroner årleg.
I revidert statsbudsjett har Stortinget vedteke å løyve 83 millionar kroner til gratis fylkesvegferjer i landet. Fylkestinget føreset at fylkeskommunen blir fullt ut kompensert for desse kostnadene.

– Gratis ferje på Atløysambandet vil gje eit ekstra puff til å få realisert brua

Desse ferjesambanda ligg an til å bli gratis til sommaren: – Betyr mykje for kysten vår

Askvoll-ordføraren om gratisferjer: – Denne endringa vil få store konsekvensar

Gratis ferje gjeld berre bilar, ikkje passasjerar: – Skal pendlarane begynne å køyre bil i turnus?
