Smittetalet har stige siste døgnet

Av
DEL

Smittetalet R viser kor mange personar kvar koronasmitta har smitta vidare. Smittetalet har stige frå 0,49 torsdag til 0,55 fredag.

Dagsrapporten frå Folkehelseinstituttet (FHI) fredag viser òg at FHI no har fått innrapportert 213 dødsfall som følgje av koronaviruset.

195.921 personar er førebels testa for covid-19.

FHI understrekar at tala er noko uvisse sidan det framleis er stor uvisse knytt til sjukdomsutviklinga og kor stor del av dei smitta personane som krev innlegging og behandling på sjukehus.

Artikkeltags