Gå til sidens hovedinnhold

Smittestoppen held fram

Tysdag fekk Helse Førde svar på 158 analyserte koronaprøver.

For fjerde dagen på rad vart det ikkje påvist ny smitte i Helse Førde sitt område.

Også talet tilsette som er heime på grunn av karantene eller har sjukemelding grunna korona, held seg lågt. Det kjem fram frå heimesidene til Helse Førde at berre éin tilsett er i denne gruppa.

Talet innlagde pasientar med stadfesta koronasmitte i Helse Førde held seg på null.

Resultata som blir melde, er frå testar som blir analysert ved laboratoriet ved Førde Sentralsjukehus. Kommunane i Helse Førde kan sjølv velje kvar dei ønsker å sende prøver dei har tatt, og dei kan derfor bli analysert ved andre laboratorium. Tala er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

I går vart det påvist smitte hos 510 nye personar i Norge. Det drar det samla talet på bekrefta smitta opp til 122.583.

Les også

Slik er resultata etter dei siste 84 koronaprøvane

Les også

Malin (21) ser fram til å ikkje lenger tenke på korona

Les også

Rolf-Arne var vaksinert, men fekk likevel påvist korona etter 17. mai-feiringa i Fresvik

Kommentarer til denne saken