Gå til sidens hovedinnhold

Smitte på ekspressbåten

Norled driv hurtigbåtruter til både Sogn og Nordfjord. Nordfjordruta har også fleire stoppestadar i Sunnfjord.

Onsdag kveld melder Norled om smitte på begge båtane.

Søndag 1. august var det ein person om bord på båten frå Selje til Bergen som har fått påvist covid-19. Den smitta kom på båten i Mjømna i Gulen klokka 18.50, og var med til den la til kai i Bergen.

Tre dagar tidlegare, torsdag 29. juli var ein smitta person om bord på båten som gjekk frå Bergen til Sogndal. Båten gjekk frå Bergen klokka 16.30.

Norled oppfordrar passasjerar som har reist med dei aktuelle båtane å følge nøye med på om dei får symptom i dagane framover. Dei ber om at dei har låg terskel for å teste seg dei næraste to vekene.

Kommentarer til denne saken