Torsdag kveld synte resultat frå testing gjort på Nordfjordeid onsdag, at éin person har testa positivt for covid-19.
Personen testa seg etter opphald i Bergen, og blei truleg smitta i Bergen. Utover dette er smittevegen ukjent, skriv kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding.
Var innom to utestadar
Den smitta personen var utandørs på Gymmen Pub på Nordfjordeid tysdag i tidsrommet 18.30 til 20.00. Personen var også på Magnifikk på Nordfjordeid frå 20.30 til 00.30.
– Vi ber andre som var gjestar desse stadane i dei aktuelle tidsromma, om å vere ekstra merksame på eventuelle sjukdomsteikn og ha låg terskel for å teste seg.
Ventar på svar på mutasjonsanalyse
Alle nærkontaktar er kartlagt og varsla, og ubeskytta nærkontaktar er sett i karantene. Smittesporinga er avslutta.
Kommunen har ikkje svar på mutasjonsanalyse enno, men skriv at det er deltavarianten av koronaviruset som er vanlegast i Norge no.
– Stad kommune oppmodar alle innbyggjarar om å følge einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha låg terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom, skriv Vedeld.