Gå til sidens hovedinnhold

Smitte i Gloppen

Nytt tilfelle i Gloppen.

Det er stadfesta eitt nytt covid-19-tilfelle i Gloppen, skriv fungerande ordførar Per Jarle Myklebust i ei pressemelding.

Personen er smitta i utlandet, er isolert og har ingen nærkontaktar i Gloppen, opplyser Myklebust.

I tillegg følger kommunen opp to nærkontaktar som høyrer til smitte frå utbrot i Sogndal og Luster.

– Det er kontroll på smittesituasjonen i Gloppen per dags dato, heiter det i meldinga frå kommunen.

Kommentarer til denne saken