Smitta på 53 fly, tog, ferjer og bussar i august

Av

53 gonger i august vart det oppdaga koronasmitta passasjerar på fly, ferjer, bussar og tog her i landet. Testar viste at få andre vart smitta.

DEL

Aftenposten har henta tala frå Folkehelseinstituttet (FHI). Dei omfattar alle innanriks- og utanriksflygingar, ferjer med over éin times reisetid, alle regiontog og langdistansebussar. Den største delen av tilfella – 45 – var på fly.

300 personar som sett i nærleiken av dei smitta er spora opp og testa. 98 prosent av dei var heilt friske. 2 prosent testa positivt i etterkant. Desse kan likevel ha vorte smitta før turen starta, ifølgje FHI.

God ventilasjon

– På fly har ein spesielt gode luftfilter og god ventilasjon. Erfaringa så langt er at om bord på fly er det ikkje så stor smittefare, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI til Aftenposten.

– Det verkar ikkje som det føregår mykje smitte om bord på fly. Situasjonen på fly er nok annleis på T-bane eller buss, legg ho til.

I ein artikkel skriv FHI dette: «Basert på erfaring fra Norge og andre land, anses smitterisikoen som lav for andre passasjerer».

Færre fly på lista no

Ifølgje VG har 23 innenlands- og utanlandsfly hatt smitte om bord dei siste 14 dagane. Det viser FHI oppdaterte lister.

Sju av flya gjekk innanriks, medan tre av flygingane frå utlandet var frå «gule» land på innreisetidspunktet. Dei resterande 13 kom frå land som på det tidspunktet var «raude» eller utanfor EØS-/Schengen-området.

For litt over éi veke sidan var 32 flygingar på den same lista, ifølgje VG.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken