Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Den 1. august 2022 var ein stor dag i vår vesle familie. Det var første dag i barnehagen for vårt eldste barn på 1,5 år. Lite skjønte ho om kva ho gjekk til, men ho ante at noko var på ferde og den nervøse spenninga smitta frå meg til ho. Med litt for stor sekk på ryggen, somla ho seg ut til bilen.
I Hatlehaugen barnehage møtte vi trygge og erfarne tilsette, som hadde nok fartstid i barnehage til at eg sjølv kunne hatt dei som mine tilknytingspersonar den gang eg var barnehagebarn. Eg fekk høyre at i denne barnehagen treivst personalet så godt at dei blei verande store delar av karrieren. Spøkefullt blei det insinuert at vikarar berre var innom når tilsette måtte skifte hofter eller var ute for andre aldersrelaterte skader.
I dag er det aldri somling om morgonen, og eg har ein toåring som snakkar varmt og ivrig om barnehagen i helgene. Eg har ei jente som vinkar hei og ha det til store og små, på tvers av avdelingar. Vi kjenner alle ansikt og dei fleste namn, på både vår avdeling og naboavdelingane.
Trygge barn og tilfredse tilsette trur eg må vere hovudfordelane med små barnehagar, og eg er overtydd om at små barn sine behov kan best varetakast på små, oversiktlege einingar. Eg trur det at «alle kjenner alle», slik som i Hatlehaugen, gir tryggleik til alle som er der.
Som mor bekymrar eg meg for mine barns barnehageframtid når eg ser Sunnfjord kommune sin visjon om storbarnehage. Det handlar ikkje om bemanningsnormer og avdelingsstorleik, men at barn treng kjende ansikt og oversikt også på tvers av dei ulike avdelingane.
Det handlar om at tilsette ved ei avdeling kan vere trygge vaksne for barn på naboavdelinga. Det handlar om at barn ikkje skal drukne i mengda av andre barn. At barn skal føle seg trygge og synlege, og møte kjente ansikt når dei entrar barnehagen sine lokale. At når mitt barn fell og slår seg, kan ho bli trøysta av ein trygg vaksen frå naboavdelinga.
Ikkje minst handlar det om følelsen eg får av å høyre til når vi opnar porten til Hatlehaugen. Ei kjensle av å kjenne seg heime, og at barnehagen er vår utvida familie.
Eg ser føre meg livet i ein storbarnehage og spør meg sjølv: Kjem eg til å sjå ungen min springe like sjølvsikkert over gardsplassen og, utan å nøle, vinke «ha det» til alle ho ser? Vil ho få den same vilkårslaus, kjærlege anerkjennelsen og varmen tilbake, frå menneske som kjenner ho, som ho får no? Vil vi framleis føle oss som heime?
Nei, eg trur dessverre ikkje det.
«It takes a village to raise a child», seiast det. Tydinga er at barn ikkje blir oppdregne av foreldra åleine, men av lokalsamfunnet. Ordtaket brukar «village», ikkje «city» eller «country». Det er avgrensa kor mange menneske vi kan bli kjent med og behalde relasjonar til. I grendene og bygdene kan alle kjenne alle, i byane og blokkene kjenner ein kanskje ikkje naboane.
Eg kjenner meg heldig som kan sende ei, snart to, jenter til ein landsby, til eit lokalsamfunn der ho kan kjenne alle, og alle kjenner ho. Som heimehøyrande i Flokenes har eg alltid ønskja at mine barn skulle få vekse opp i eit slikt lokalsamfunn. Vi har endå ikkje bestemt oss for kor vi slår oss ned, men viss det å bu i Førde betyr at mine born må i storbarnehage, så fristar Gjelsvik barnehage endå meir.
Barnehagestart er for mange livets første store omvelting, og vi veit at tryggleik og stabilitet er avgjerande. Barna våre fortener den tryggleiken, roa og tilhøyrigheita ein liten barnehage gir. Kanskje er det betydelege summar å spare på samanslåing og store lokale, men kva risikerer ein å tape?
Kjære kommunepolitikarar, lat oss ta vare på det som fungerer. Ver så snill, sjå verdien i mindre einingar og behald barnehagestrukturen som den er.
Utrygge barn og lågare trivsel hos tilsette kostar truleg meir.

Meiner foreldre ikkje er klar over kor ofte det er for få tilsette på jobb i barnehagen

Om bemanninga i barnehagane våre

Kritisk til planar om storbarnehage: – Vi driv ikkje med barnepass
