Nettsida der Folkehelseinstituttet (FHI) legg ut daglege tal for ei rekkje sjukdommar og vaksinasjonar blir lagd ned frå 15. november. Årsaka er budsjettkutt.

Det blir dermed slutt på oppdaterte, daglege tal om covid-19, influensa, andre luftvegsinfeksjonar, mage-tarminfeksjonar, vaksinasjonsdata for covid-19 og influensa og dødelegheit, skriv FHI på nettsidene sine.

– FHI har jobba intenst dei siste vekene med å finne alternative løysingar til Sykdomspulsen, men ser seg dessverre likevel nøydde til å stengje ned løysingane som er i bruk mellom anna av mange kommunar. Grunnen er at løyvingane til FHI for handtering av pandemien er fjerna, skriv instituttet.

Løysinga som gir nyheitsmedium som NTB og VG tilgang på tal, blir også lagd ned.