Slik skal Vegvesenet bruke korona-millionane i vest

REASFALTERING: Statens Vegvesen vil bruke 22. millionar kroner på ekstra asfalt.

REASFALTERING: Statens Vegvesen vil bruke 22. millionar kroner på ekstra asfalt. Foto:

Vegvesenet planlegg å bruke 130 millionar kroner til ei rekkje strakstiltak i Vestland.

DEL

– Dette gjer vi for å halde hjula i gong i bygg- og anleggsbransjen. Satsing kjem innan auka vedlikehald på vegnettet. Vi har valt prosjekt der vi kan kome raskt i gong. Dette er oppdrag som passar godt for små og mellomstore bedrifter lokalt, seier Svenn Finden, sjef for Drift og vedlikehald vest i Statens vegvesen.

«Krisepakke 3», som Stortinget vedtok tysdag, gjev 600 millionar kroner ekstra til vegføremål.

Slik skal korona-pengane brukast i Vest:

  • 22 millionar til ekstra asfalt.
  • Rv. 15 Oppljostunnelen på Strynefjellet får oppgradering av elektrisk anlegg og lys.
  • Tiltak på tunnelar på Rv 13 og E134 som er kortare enn 500 meter
  • Montering av skrednett ved E16 Kluftafjelltunnelen.

Tiltak for heile landet

Pengane kjem heile landet til gode.

– I tillegg til fokus på geografi og sysselsetting speglar fordelinga vårt fokus på tiltak som gjev auka framkomst og trafikktryggleik, seier direktør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen

Av dei 500 millionane blir halvparten delt ut til auka bestillingar innan dei eksisterande kontraktane, medan den andre halvparten blir lyst ut eller kjøpt over rammeavtaler.

– Vi kan setje i verk mange nyttige prosjekt raskt. Det dreier seg om å ruste opp og ta vare på vegkapitalen. Ein del av prosjekta går på punktvise utbetringar som aukar trafikktryggleiken, seier Laksforsmo.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken