NETTAVISEN: Medan ein tidlegare kunne søke fritt i skattelistene har ein sidan 2014 måtte registrere seg før ein søker. Det medfører at den du søker på blir varsla om at du har søkt på vedkomande. Endringa har medført ein kraftig reduksjon i tal skattesøk.
Det finst likevel ein måte å sjekke inntekta til nabo, kjærast, bror, syster og kollega utan å bli oppdaga. Fleire selskap og privatpersonar tar nemleg betalt for å sjekke skattelistene for deg.

Dette tenker dei om løna si: – Heilt grei
– Mykje familiært
Eitt av desse selskapa er Etterforskar. Firmaet opererer med ein pris på 3000 kroner for å sjekke fem personar. For færre personar så er minsteprisen 1500 kroner.
– Vi utfører skattesøk heile året igjennom. Vi spør aldri kundane kvifor dei vil sjekke opp namn, men mange av dei som ringer oss føler dei må forklare kvifor dei ber om dette.
– Ofte går det på at dei mistenker at bror eller syster har fått pengar frå besteforeldre. Det er også ein del barnefordelingssaker, der nokon vil undersøke om det vert betalt nok barnebidrag, fortel dagleg leiar Thomas Mathiesen.

Tre brør på topp på inntektslista i Askvoll
Mathiesen fortel at dei i fjor fikk ekstra mange bestillingar frå bedrifter. Pågangen var så stor at dei laga ei eiga abonnementsløysing for bedrifter som vil sjekke mange namn.
– No sel vi faktisk fleire skattesøk til bedrifter enn til privatpersonar, og vi gjer dermed slike søk i større skala no enn tidlegare, seier han.
Mathiesen fortel at selskapet auka omsetnaden med 50 prosent i 2021, og at skattelistene står for ein større del av dette enn tidlegare.
Han trur mange bedrifter nyttar skattesøk i staden for kredittsjekk når dei skal selje ting til kundar.
God marknad
– Det er betre business, fordi det kan gjerast skjult, seier han.
Mathiesen fortel at dei også får bestillingar frå bedrifter som driv med spissa marknadsføring. Dei får i tillegg mange bestillingar direkte på nettsida.
– Då veit vi ikkje kva bakgrunnen er. Men vi ser nokon nyttar Protonmail, og då er dei tydelegvis svært opptekne av anonymitet, seier han.
Mathiesen seier det er ein god marknad for skattesøk.
– Det er alltid litt ekstra pågang når listene blir lanserte. Elles er det eigentleg også jamt trykk over hele året. Vi gjer sikkert tusen skattesøk kvart år, men ofte er det del av ein større etterforsking. Dei reine namnesøka er enkle pengar for oss, seier Mathiesen.

Desse tente mest i Sogn og Fjordane
Selskapet har 58 medarbeidarar og driv med alt frå spaning til rådgjeving og kontrollkjøp. Mathisen fortel at når dei søker i skattelistene på vegner av ein kunde, dukkar eitt av desse 58 namna opp som eit varsel hos den som blir sjekka.
Han fortel at han fleire gonger er blitt ringt opp av personar han har sjekka, som har fått opp namnet hans.
– Det har vore fleire sinte telefonar, og fleire lurer på kven som har bedt meg sjekke dei. Men vi avslører aldri kven kundane våre er, forsikrar Mathiesen.
Trass i at dei tener godt på skattesøk, meiner han listene burde vore opne.
– Samfunnet ville tent på å ha listene opne. Det har med sjølvjustis å gjere. Opne skattelister speglar av eit ope samfunn. Vi kan på ein måte seie takk til staten for at dei lukkar og sørger for inntening for oss, men vi hadde fint overlevd utan dei pengane, seier Mathiesen.
«Guilty pleasure»
Skattesjekk.no tilbyr søk for 39 kroner per namn. Stian Skjelbred (24), driv nettsida saman med ein kollega, og gjer svært mange skattesøk kvart einaste år. Han fortel at dei blant anna har firmaavtaler med fleire føretak som vil sjekke opp kundar.
– Det er veldig stor etterspørsel for å søke anonymt. Og vi gjer dette fordi vi verdset anonymitet på internett, seier Skjelbred.
– Marknaden har vore overraskande god. Sidan vi starta i 2017 har vi hatt ein auke i etterspurnaden på 50 prosent kvart år. Etter kvart som folk har oppdaga dette alternativet, så kjem det stadig fleire kundar. Det å sjekke skattelistene er ein «guilty pleasure». Ein kan gjere det gratis sjølv, men mange synest det er verd å betale for å sleppe å få sitt eige namn registrert. 39 kroner for anonymitet er billeg, meiner Skjelbred.
Også på Finn.no tilbyr fleire privatpersonar skattesøk mot betaling. Blant andre nettsider som tilbyr same teneste er anonymskatt.no og skattesnoken.no, som blir drive av Vegard Bell. Her kan du få sjekka eitt namn for 29 kroner.

Dei ligg begge på formuetoppen: – Det er ikkje skam i å tene pengar
– Å sjekke andre sine namn kan skape diverse styr. Så dersom ein vil sjekke nokon utan å bli oppdaga kan eg gjere det. Eg får inn bestillingar nesten dagleg. Tenesta gir meg ei inntekt på rundt 25.000 i året, fortel Bell.
Dei fleste som vil ha sjekka namn bestiller direkte på nettsida, utan nærare skildring eller forklaring. Men Bell fortel at det er nokon som ringer og fortel kvifor dei vil sjekke namn.
– Det har blant anna vore nokon som har bestilt i samband med arveoppgjer. Andre har bestilt alle namna på arbeidsplassen, fordi dei vil sjå kva kollegaene tener i forkant av lønsforhandlingar, fortel han.
Ein annan som tilbyr skattelistesøk er Frode Fikke, som driv nettsida skattetall.no. Her er prisen 39 kroner per søk, og så vert det tilbydd rabattar ved sjekk av mange namn. Han fortel at han gjer rundt 120 søk i månaden.
– Dette er berre et hobbyprosjekt. Det er inga lukrativ teneste, seier Fikke, som har drive nettsida i fem år.
Han opplever at mange synest det er flaut å søke opp vener og kollegaer med sitt eige namn.
– Folk verdset å få vere anonyme. Mange synest det er verd å betale litt for å få tala ein lurer på, seier han.
Fikke fortel at han i forkant av den store skatteliste-dagen i år har fått merka at det er kome fleire konkurrentar i marknaden.
– Pågangen på sida mi har falle. Så det vil nok bli enda dårlegare inntening i år enn tidlegare. Men når eg først har starta med dette får eg berre fortsette, smiler han.
Fullt lovleg
Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, seier til Nettavisen at han er godt nøgd med skattesøk-endringa som blei gjort i 2014. Han fortel at endringa blei gjort fordi dei opplevde at skattesakene blei til eit underhaldningsprodukt.
– Dersom du vil søke på naboen så er det rett og rimeleg at vedkomande får beskjed om det. Med endringane så blir folks personopplysningar betre varetatt, framholde Thon.
Det siste året før loggføring av søk blei innført blei det gjort 16,5 millionar søk i skattelistene. Sidan har det vore rundt 1,6 millionar søk årleg. Det er med andre ord liten tvil om at folk kvir seg meir for å sjekke kva naboen tener når ein veit at ein får namnet sitt registrert.
Thon ser likevel ingen lovmessige problem med å få andre til å sjekke naboen for deg.
– Det er lov å søke opp kven ein vil. Og dersom ein vil betale andre for å sleppe å få registrert sitt eige namn så må ein få lov til det. Men eg kan vanskeleg sjå for meg at det er veldig god butikk å drive med dette, seier Thon.
Kritisk til snoking
Mange er skeptiske til at skattelistene er offentlege. Blant anna Framstegspartiet. Næringspolitisk- og tidlegare finanspolitisk talsperson i Frp, Sivert Bjørnstad, er glad for innskrenkinga som blei gjort i 2014, men meiner det beste hadde vore å stenge listene heilt.
– Dette er forhold mellom deg og styresmaktene. Det handlar om din personlege økonomi, seier han.
Han er ikkje overraska over at nokon ser sitt snitt til å tene pengar på skattelistene.
– Med den ordninga vi har, er det ikkje rart slik forretningsverksemd dukkar opp. Men eg meiner dette berre er nok et argument for å lukke listene, seier han.
Bjørnstad meiner opne skattesøk kan bli som ein gapestokk som tilfredsstiller ønska til ein del menneske om å snoke i andre sine privatliv. Han påpeikar også at opplysningar om formue og inntekt er noko som kriminelle kan bruke i brotsverk som ran og svindel.
– Veldig ofte er dei som dukkar opp i toppsjiktet sjølvstendig næringsdrivande. Snoking i skattelistene kan ramme dei høgt på listene, sjølv om dei ikkje nødvendigvis har verdiane i bustaden, men i næringsverksemda, seier han.
Bjørnstad er sjølv ein av dei rikaste på Stortinget, men seier han berre har eit teoretisk forhold til formuen sin.
– Eg har ikkje pengane på konto, dei er i familiebedrifta, seier han.
Bjørnstad lar seg ikkje overtyda av argument om at opne skattelister skaper meir openheit og sosial kontroll.
– Dersom openheit var eit argument så burde ein mellom anna hatt et søkbart register over kven som tek imot trygdeytingar og. Men det har vi ikkje fordi det kan føre til uthenging, påpeikar han.
Bjørnstad påpeikar samstundes at han synest det er greitt at politikarar blir sett i korta, og er ikkje imot ei ordning der ein kan sjå kva sentrale politikarar tener.
– Men for vanlege skattytarar bør desse tala vere personlege. Eg er glad for nedgangen i skattesøk som har vore med den nye ordninga, men prinsipielt så burde ikkje moglegheita vore der i det hele tatt, seier han.